BYGLANDSFJORD: - Kor har du lært sylvsmedkunsten?

— Heime hos far min på Rysstad, Jon G. Helle. Han lærte av far sin Gunnar, slik at eg er tredje generasjon sylvsmed. Eg har laga sylv i 43 år og hatt verkstaden her på Byglandsfjord i 40 år no.

— Kva slags eigenskapar må ein sylvsmed ha?

— Han må vere tålmodig og like å sitte stille. Det nyttar ikkje å vere ein rastlaus type om du vil vere sylvsmed.

— Kva slags bunadssylv lagar dykk?

— Mest til aust-agderbunaden, vest-agderbunaden og til setsdalsbunaden, men vi lagar til bunadane i Telemark og. Alt er handlaga.

— Bunadssylv er allstødt i vinden?

— Det har halde seg jamnt i desse 40 åra. Men det er jo konkurranse. No har eg fått konkurranse av sonen min Frank Helle, og. Han held til i Grimstad og har sju tilsette.

— Kva er sylvprisen no?

— Om lag 8000 kroner for eit kilo. Prisen synest å ha roa seg noko. Det er verre med gullprisen. Han har mest dobla seg dei siste to åra. Det er vanskeleg å selge gullsmykke no.

— Kor mykje må ein ut med for ei bunadssylje?

— Det er mange slags prisar. Du kan få ei bolesylje frå 2000 kroner til 14.000 kroner. Ei slangesylje koster frå 2000 kroner til 8.000 kroner og eit bunadsbelte i sylv kjem på om lag 10.000 kroner.

— Hender det at folk tek på seg syljene feil?

— Ja. Ein må til dømes hugse på at den største sylja skal vere øvst på bunaden, og heller ikkje ha to syljer med lauv på agderbunadane.

— Enn å ha ei bolesylje på ein selskapskjole?

— Det kan du godt. Om sylja ikkje er for stor. Kjem vel an på kjolen.

— Kven kjøper bunadssylv?

— Alle slags menneske. Nokre ringar, nokre kjem innom. Eg sel til Husfliden og gullsmedar. Eg har laga sylv til Dronning Sonja og.

— Korleis kler du deg på 17.mai sjølv?

— Av og til går eg i dalebukse, men ikkje allstødt.

— Men du må vel syne fram bunadssylvet du lagar på dalekleda..?

— Burde jo gjort det. Men det har då gått bra utan den type marknadsføring og.