Det er erfaringane Espen og Solveig Hodne Riska sit att med etter å ha eigd hytte i Sirdal saman med eit vennepar sidan 2018.

Fuktig snø lavar stille ned rundt den store hytta i Stakshomheia på Tjørhom. Dei er totalt sju personar her i helga. Forutan Solveig og Espen og sønene Lars og Thomas, har dei med ei venninne og hennar to barn. Eldstejenta Maria går på skule i Oslo. Ungdommane er farne til skibakken med vennene og ekteparet Hodne Riska sit i sofaen og undrar seg over at ikkje fleire går for hyttesameige. Er ein skeptisk, men likevel ønsker å prøva seg, kan ein først starta med å leiga ei hytte saman med andre på åremål, for å finna ut om dette fungerer, er rådet deira.

Hyttesameige - ein god idé?

Ungdommane i familien og gjestene deira set også pris på gledene med masse snø som gir mjuk landing. Frå venstre: Thomas Hodne Riska, Elise Møller Soland, Lars Hodne Riska og Sigrid Møller Soland. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Meir glede enn irritasjon

For å lukkast med sameige er det viktig å vera litt raus. Er ein veldig firkanta er nok dette ikkje er aktuell eigarform. Føremonene med hyttesameige er langt fleire enn ulempene, og det er enklare å få til enn mange trur, slår dei fast. Men alle i sameiget er klare på at vennskapet er viktigare enn hyttesameiget. Skulle dei stå i fare for å bli uvener, blir fritidsbustaden seld, for venskapen er viktigare enn hytta, forsikrar stavangerparet.

Ungdommen tek ofte økta med snøfresaren. Her er Thomas Hodne Riska i sving. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Denne kvartetten bestemte seg for å kjøpa hytte saman i 2018. Deira erfaring er at det går kjempefint å eiga noko i lag, så lenge ein har ryddige avtalar i botn. Frå venstre: Marianne Kro Gausel, Sjur Gausel, Solveig Hodne Riska og Espen Riska. Foto: Privat / Stavanger Aftenblad
Hytta som Espen og Solveig Hodne Riska eig halvparten av ligg nær ei skiløype, noko dei begge set stor pris på. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Hytta som Espen og Solveig Hodne Riska eig halvparten av ligg nær ei skiløype, noko dei begge set stor pris på. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Para har vore venner sidan ungdomstida. Marianne Gausel og Solveig Hodne Riska har kjent ein annan sidan barndommen. Gjennom å eiga hytte saman, har vennene blitt kjende med nye sider av kvarandre, også dei seks barna er blitt ein samansveisa gjeng. –Delingsøkonomien breier om seg på fleire område. Å eiga hytte i lag, er bra både for økonomien og klimaet. For det er grenser for kor mange nye hytter naturen toler. Dessutan gir dei ei fin fellesskapskjensle å eiga noko saman med andre. Då er det alltid nokon å dela rekninga, vedlikehaldsarbeidet og det dårlege samvitet med, påpeiker Espen og Solveig Hodne Riska.

Men dei legg raskt til at eigentleg har dei ikkje så dårleg samvit når det gjeld bruken av hytta. Dårleg samvit for liten bruk av hytta hadde dei hatt meir ar av om dei hadde eigd henne heilt åleine. Sidan dei er to familiar, blir hytta automatisk meir brukt.

–Dermed kan me kosa oss på kafé i byen ei helg og gleda oss over at den andre familien nyt livet på hytta, seier dei.

Dei karakteriserer felleshytta som ein mellomting mellom utleige-hytte og det å eiga ei hytte heilt åleine.

Alle hytteeigarane samla i solhellinga. Frå venstre: Lars Hodne Riska, Maria Hodne Riska, Thomas Hodne Riska, Andreas Gausel, Marianne Kro Gausel, Ingrid Gausel, Kristian Gausel, Sjur Gausel, Espen Riska og Solveig Hodne Riska. Foto: Privat / Stavanger Aftenblad

Har hytta kvar sine veker

Denne helga er det Espen og Solveig Hodne Riska og deira barn sin tur til å vera her. Dei disponerer hytta i partalsveker. Oddetalsvekene er Marianne og Sjur Gausel sine. Gausel-familien er med i to sameige, i tillegg til hytta i Sirdal, eig dei ein ferieeigedom ved sjøen saman med slektningar. Begge para har tre barn, så dei gongene eigarane har avtalt fellestid, er dei ti personar i hytta.

Dette er ein romsleg fritidsbustad. Grunnflata er 150 kvadratmeter. Det er i tillegg loft med skråtak i andre etasje. Då Gausel og Hodne Riska-paret kjøpte hytta i 2018, hadde ho heile elleve soverom. Det talet er redusert til 9. Dei to siste soveromma enda opp som høvesvis grovkjøkken og garderobe. Espen og Solveig Hodne Riska tek i mot oss i allrommet, som ligg i midten av dei totalt tre stovene i hytta. Alle stovene er fellesareal. Dei to para har soverom og bad i kvar sin ende av hytta. Foreldresoveromma og tilhøyrande bad er privat sone.

Badet som ligg i entreen blir disponert av barna og gjester. Dei seks soveromma på loftet er barna sine, pluss eit gjesterom. Dei vaksne trekte lodd om kven som skulle ha dei to ulike yttarfløyane. Det var planen å også la barna trekka lodd om sine rom, men det blei ikkje naudsynt for alle var åleine om å ønska seg nett det rommet, fortel Solveig Hodne Riska. Dersom den eine familien har med seg mange gjester, kan ein låna romma til barna i den andre familien, men då må ein ordna med byte av sengetøy, og deretter leggja det opphavlege sengetøyet på att etter bruk.

Tørrvarene til dei to familiane ligg i kvar si skuff på sida av komfyren. Hodne Riska sitt er til høyre. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
I kjøleskapet er det også eit fellesområde Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Det eine av dei elleve soveromma i hytta blei til ein romsleg garderobe med plass til klede til ti personar. Garderoben er delt inn i to like store delar til kvar familie. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Skiboda er også delt i to. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Mykje hytte for pengane

Solveig Hodne Risa viser oss rundt i kjøkkenskap og skuffer. På kjøkkenet har familien kvar si skuffe med tørrvarer. I kjøleskapet på kjøkkenet står berre maten til den familien som er på hytta. Når ein reiser heim, må ein difor tømma dette kjøleskapet og flytta matvarene inn i dei merka hyllene i det felles kjøleskapet som står på grovkjøkkenet. Fryseboks-skuffer og andre oppbevaringsstader er sirleg merka med namn, slik at alle veit kven som eig dei forskjellige matvarene, forklarer ho.

God merking av kven som eig kva er viktig. Både tørrvarer og frysevarer er merka med namn på hytta. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Hytta som blei bygd i 2006 var tenkt som ei firmahytte, men blei seld av privatpersonar til kvartetten Hodne Riska/Gausel i 2018. Dei hadde lagt merke til hytta for fleire år sidan, men då var ho altfor dyr. Nærare 7 millionar kroner låg ho ute for den gongen.

Hodne Riska-paret var på leit etter ei fjellhytte til seg sjølv og var nær ved å leggja inn bod på ei anna hytte, då denne dukka opp att. Espen Riska og kameraten Sjur Gausel fekk ideen om kjøpa hytta i lag, og deira betre halvdelar var ikkje vanskelege å overtala. Dei fire såg at ein slik eigarmodell ville gi svært mykje hytte for pengane. Prisen på fritidsbustaden var nemleg blitt sett kraftig ned. Dei to para gav 4,4 millionar kroner for den store hytta, då følgde også innbu med.

– Det var eit kupp, slår Espen og Solveig Hodne Riska fast. Hytta måtte rett nok malast og pussast opp litt for ho var ikkje tilpassa eit sameige. Hytta hadde heile elleve soverom, men berre ei knaggrekke. Det var heller ikkje lagt opp til praktisk lagring av klede og mat til ti personar, difor blei raskt to soverom ofra for å gi plass til dette.

Å eiga hytte saman med ein annan familie, gjer at barna blir nesten som søsken eller søskenbarn å rekna, meiner Espen og Solveig Hodne Riska. Her med sønene Lars (t.v.) og Thomas. Dottera Maria var ikkje til stades på hytta då bildet blei tatt. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Hyttelivet er noko alle dei seks barna også set pris på, sjølv om alderen spenner frå 9 til 18 år. Her sit Espen og Solveig Hodne Riska saman med sønene Thomas (t.v.) og Lars. Dottera Maria høyrer også til i familien, men ho bur no i Oslo. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Lag avtalar i fredstid

Kvinnene i sameiget tok eit raid på Ikea, Kid og Skeidar for å skaffa det som mangla etter hyttekjøpet. Solveig Hodne Riska er jurist og ifølge eiga utsegn den med det ryddigaste hovudet av dei fire eigarane. Ho fekk difor ansvaret for å få sameigevtalen på plass. Denne har både ein juridisk del og ein praktisk bruksavtale. Gjer gode avtalar i fredstid, er deira klare råd til andre. Det er ofte mykje vanskelegare å få til avtalar om ting alt har begynt å skjæra seg.

–Ein treng ikkje vera jurist for å få dette til, for slike sameige blir automatisk regulert av sameigelova, men det kan vera lurt for alle som har planar om å gå inn i ein slik eigarmodell å rådføre seg med nokon som har juridisk kompetanse, poengterer Solveig Hodne Riska.

Her vaskar Espen Riska fellesbadet i entreen. Dette er i hovudsak barnas bad, også gjester nyttar dette. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Både ho og ektemannen påpeiker at det er viktig at alle eigarane snakkar nøye gjennom kva ein forventar av ein annan. Og alt må skrivast ned. Bruksavtalen for hyttesameiget er regulert ned til minste detalj. Slik kan ein lett slå opp og finna svaret på om ein avtalte vask av vindauge ein gong i halvåret eller ein gong i året.

Dette er badet til Marianne og Sjur Gausel. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Bada til dei fire vaksne i familien blei fordelt ved loddtrekning. Espen og Solveig Hodne Riska enda opp med det største badet. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Husk dopapir og såpe!

I avtalen som regulerer hyttelivet til familiane Hodne Riska og Gausel står det mellom anna kven som disponerer dei ulike romma i hytta og korleis familiane skal gå ifrå hytta etter bruk. Å sjå etter at ein ikkje er tom for viktige hushaldningsartiklar står høgt på lista over sjekkpunkt. Når ein forlèt hytta skal det mellom anna vera dopapir på bada, oppvaskmaskinpulver, ved i peisen, og bensin på snøfresaren. Alle fellesareal skal vera rydda og frie for private eigendelar. Ein treng ikkje reia opp sengene i dei soveromma familien disponerer, men då skal dørene vera lukte. Hytta skal også reingjerast før avreise.

Ifølge Solveig Hodne Riska har ein lagt husarbeidsnivået på eit ikkje altfor høgt nivå. Det held vanlegvis med støvsuging og vask av kjøkken og bad før ein reiser. –Barna har ansvaret for reingjering av eigne rom og dessutan tv-stova på loftet, medan me vaksne syter for hovudetasjen, forklarer ho. Dei to familiane har litt fellestid i vinterferien og i påsken. Hytteeigarane er også saman ei helg før jul for å pynta hytta til høgtida. Nyttår feirar dei også saman. Er det ei helg den eine ikkje familien ikkje kan nytta seg av «si» veke, skal dette meldast inn til dei andre innan torsdag kl. 12. Då står den andre familien fritt til å nytta hytta.

Espen Riska si mor har laga dette åkleet. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Denne puffen blei kjøpt inn fordi han står i stil med eit åkle som Espen har arva etter mor si. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Balanse mellom eigentid og fellestid

Ikkje tøy strikken og ver altfor mykje saman, åtvarar dei. Sats heller på mest mogleg trivsel dei dagane de har saman. Espen og Solveig Hodne Riska seier det er viktig å sikra alle partane i sameiget nok eigentid, dei trur difor ikkje det er lurt å organisera eit sameige slik at alle er saman heile tida. Dermed blir den tida ein faktisk har i lag, spesiell og ekstra kjekk. Etter kvart som livet skrid fram og barnebarn dukkar opp, reknar dei med sambruken blir mindre når begge eigar-para får sine eigne storfamiliar. –Fellestida på hytta skal vera eit høgdepunkt både for barn og vaksne. I hytta får dei eit fellesskap ved bordet og i skibakken, og har nesten blitt som søskenbarn eller søsken å rekna. Også me vaksne har stor glede av denne fellestida, og sidan me har sameige, er det alltid nokon å gjera vedlikehaldsarbeidet saman med. Me plar ha ein større dugnad i året der me vaksne tek tak i ulike oppgåver som må gjerast når ein har hytte, forklarer Hodne Riska-paret.

Både peisen og garderoben er laga på dugnad. Men hytta skal ikkje vera ein arbeidsleir, poengterer Hodne Riska-paret. Her ein først og fremst for å samla nye krefter. I fellestida har kvar familie sin dag der dei lagar middag for alle ti. Begge para betaler ein fast sum inn til ein felles brukskonto for hytta. Pengane på denne går til forsikring, straum, større innkjøp, velforeining, renovasjon og bygsling. På grunn av høge straumprisar har denne faste summen auka. Kvar sommar leiger dei også ut hytta i tre veker, for å skaffa inntekter til fellesutgiftene. Slik har dei mellom anna finansiert utemøblar og jacuzzi.

Biljardbordet følgde hytta. Her ser me Espen Riska og sonen Lars i sving. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Lars Hodne Riska har eit av dei seks soveromma på loftet. Dei seks barna har sine eigne soverom, men desse kan også brukast til gjester. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Kven betaler for straumen ved ulik bruk?

Dei auka straumprisane har gjort at sameiget har bestemt at varmekablane no står på 18 grader, mot 24 grader tidlegare. Alle har fått beskjed om å ta kortare dusjar og ein har ikkje t-skjortevarme i alle rom vinterstid. Familiane fyrer også meir med ved enn tidlegare, opplyser Espen og Solveig Hodne Riska. Ulike behov og ulik bruk kan vera konfliktfeller. Spesielt i ei tid med høg straum. Om nokon brukar hytta lite og andre mykje kven skal betala straumen?

Naturen er henta inn på hytta. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Ein bjørkekvist kan også gjera nytte som kleshengar. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Hodne Riska og Gausel driv ikkje og sjekkar straumbruken til den andre eigaren, straumrekninga blir delt på to, slik resten av hyttelivet er det. Om det eine paret vel å bruka hytta mindre, er det deira val. Ein har likevel skrive under på ein sameigekontrakt. Og om ein då betaler for straum ein ikkje har vore med og brukt, sparer ein likevel pengar fordi det ville blitt dyrare å eigd hytta åleine.

Skal ein kjøpa noko som kostar meir enn 5000 kroner til hytta, må alle eigarane vera samde. Pynteting og andre småting kjøper den enkelte det ein føler for. Og så er ein rause om ikkje alle syns vasen eller lysestaken er like fin som innkjøparen, seier Solveig Hodne Riska og smiler.

Med denne klokka blir ungdommen på loftet varsla om at maten er servert, forklarer Solveig Hodne Riska. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Ikkje gnål om småting

Å vera romsleg og ikkje masa om småpirk er viktig for å lukkast med eit hyttesameige, understrekar dei. Samstundes er det lurt å ta tak i småting, før dei får veksa seg til store irritasjonsmoment. Det er viktig at alle yt og at nokon ikkje berre nyt i eit hyttesameige. Gjennom å eiga i lag får ein røynt venskapen på ein annan måte enn gjennom vanleg samvær, minner Espen og Solveig Hodne Riska om.

Alle romma på loftet har eigne nummer og nøklar. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

– Alle har blindsoner, difor skal ein tåla ein del. Og dersom eg er den einaste som meiner det er viktig å mala taket i stova, då gjer eg det åleine, utan sure miner. Er skiboda rotete ein gong etter den andre familien har vore på hytta, overser du dette. Du masar heller ikkje om at det manglar oppvaskmaskinpulver ein gong, for me kan alle gløyma. Men er det alltid du som må hugsa på å fylla opp basisvarer og rydda, er dette noko ein må ta opp, understrekar Solveig Hodne Riska.

Kvart år har eigarane årsmøte. Då set dei fire eigarane ein fot i bakken og tek opp ting dei ønsker å endra eller justera.

Eig du hytte med andre, ikkje ha inventar du er veldig redd for. Då kan også ungdommen låna hytta utan at ein er livredd for putene, seier Espen og Solveig Hodne Riska. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Vær ærleg og direkte

– Det kan vera litt ubehageleg, men sidan me eig hytta saman med folk me kan vera ærlege med og som me kjenner godt, har dette fungert bra. Då me inngjekk avtalen om sameige var det først for ein periode på tre år. Me ville gi alle partar eit høve til retrett om me fann ut at dette blei for mykje styr, men før åremålet var ute, fjerna me denne klausulen i avtalen, fordi me har fått det til å fungera så godt, fortel Hodne Riska-paret.

Den eine av det tre fellesstovene er gjort om til hyttekontor. Espen Riska har nytta seg av dette ein del i partalsvekene då han og kona disponerer hytta. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Avtalen har også eit punkt om kva som skal skje ved eventuelle skilsmisser eller dersom ein av eigarane døyr. Då skal dei andre eigarane ha forkjøpsrett. Kva som skal skje når eigarane er 80, tek avtalen ikkje stilling til, men Solveig Riska reknar med at hyttesameiget vil bli avslutta med deira generasjon. Ho ser ikkje for seg at det vil vera så enkelt å administrera eit sameige med seks partar.

Hodne Riska-paret trur det er enklare å eiga saman med vener enn søsken. Så snart familieband er inne i bildet, kan det fort bli feire kjensler involvert. Roller og konfliktar frå barndommen kan bli vidareført eller vekt til live, og ein har ein tendens til å leggja mindre band på seg mot nær familie, meiner dei to.

Minstejenta til Gausel-paret har soverom kloss i foreldra sitt. Dei fem eldre barna søv på loftet. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Minstejenta til Gausel-paret har soverom kloss i foreldra sitt. Dei fem eldre barna søv på loftet. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Få det ned på papiret!

Skal ein eiga saman med vener, treng ein ikkje nødvendigvis vera så veldig nære. Det viktigaste er at ein stolar på einannan og kan ha ein ærleg og open tone mellom seg. Hodne Riska og Gausel-familiane har tidlegare røynt ein annan under fleire ferieturar. Begge para veit at om det andre paret tek ansvar for å ordna noko, så blir det gjort.

Allrommet har god plass til alle dei ti som høyrer til i hyttesameiget. Solveig Hodne Riska seier at å eiga hytte på denne måten er som å ha si eiga hytte til halve prisen. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Hodne Riska-ekteparet trur det er mange generasjonshytter kor det bygger seg opp mykje gruff fordi ein ikkje har regulert bruken gjennom avtalar. Og usagte ting kan gi grobotn for djupe konfliktar.

Hytta har totalt tre stover, alle desse er fellesareal. Rundt 80 prosent av arealet er til sambruks, 20 prosent privat. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Ein må vera smidig og finna ut ein felles mal kor lista for husarbeid skal leggjast. Det er også gunstig om ein har nokonlunde lik barneoppseding, slik at ikkje barna i den eine familien har mykje meir nettid enn barna i den andre. I vårt hyttesameige til dømes, er alle samde om at ingen, korkje vaksne eller barn, har lov til å ha mobiltelefonen med under måltida.

Dette er Espen og Solveig Hodne Riska sitt soverom. Kransen har Solveig laga sjølv. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad

Det er også ei føremon om foreldras krav og forventningar til barnas innsats er nokså lik.

Alle i sameiget er klare på at vennskapet er viktigare enn hyttesameiget. Skulle dei stå i fare for å bli uvener, blir fritidsbustaden seld, for venskapen er viktigare enn hytta.

Dette er Espen og Solveig Hodne Riska sitt soverom. Kransen har Solveig laga sjølv. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Hytta blei kjøpt med innbu. Pynteting og andre småting har hytteeigarane supplert med. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad
Marianne og Sjur Gausel har det minste badet, til gjengjeld fekk dei det største soverommet. Foto: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad