BYGLAND: — Svært mykje blir lagt til kyststripa. Nå tar vi eit initiativ for korleis vi på indre Agder kan kan bidra til å styrke Sørlandet, seier Ole Magne Omdal, ordførar i Iveland og styreleiar i Setesdal Regionråd.Han er varsam med å seie noko som kan gje inntrykk av at småkommunane nå gjer opprør mot den mektige kyststripa. Men han gjer det samstundes klart at målet er at indre Agder skal stå samla i fleire saker. Dei vil jobbe mot fråflytting og for fleire arbeidsplassar.- Vi vil styrke indre Agder og lage eit nettverk på same måte som Kristiansand har eit nettverk med sine nabokommunar, seier Omdal.Skeptisk

Måndag var ordførarane frå kommunane på indre Agder samla på Revsnes Hotell på Byglandsfjord for å legge planane for eit nærare samarbeid.Det vil ikkje kome noko nytt råd for indre Agder. Kommunane som ligg i området Gjerstad til Sirdal skal berre danne eit nettverk av ordførarar som skal stå saman i einskilde saker.Kommunane planlegg også ei regionstudie som skal hjelpe dei til vidare samarbeid og utvikling av regionen.Desse planane er omfattande nok til at leiar av Agderrådet, Jan Helland-Olsen, atvara mot å skape nye konfliktar mellom kommunane i Agder.- Det viktigaste er at dette ikkje kjem i konflikt med kysten, men at alle står saman. Skal denne landsdelen utvikle seg vidare, er vi nøydde til å stå samla, sa han til rådmennene og ordførarane for innlandskommunane.Han meiner turismen i landsdelen er eit skrekkeksempel på korleis det går når kommunane ikkje vil samarbeide.- Vi har ikkje klart å utvikle turismen, sidan vi ikkje har nokon felles plan, sa han.Skepsis

Helland-Olsen er redd for at ei samling på indre Agder vil føre til endå sterkare lokaliseringsstridar.Men ordførarane i småkommunane på indre Agder har ikkje tenkt å bli mildare stemt i lokaliseringsdebattar.- Det er nettopp på lokalisering vi har tapt og blitt tappa for arbeidskraft dei siste åra, sa ordførar i Vegårshei, Tjøsdolv Peder Colbjørnsen.Fleire av kommunane i indre Agder er nemleg mektig leie av at Agder sin kamp alltid dreiar seg om å styrke kystkommunane. Og Jan Helland-Olsen vedgjekk at både utbygginga av E 39 og E 18, utviklinga av Agderbyen og universitet på Sørlandet er saker som først og fremst har kome kystkommunane til gode.Kommunane på indre Agder kan kome til å samle seg om Evje som regionsenter når noko først skal sentraliserast.- I mange tilfelle kjem vi nok til å samle oss om Evje som regionsenter, men vi kjem ikkje til å isolere oss. Vi går inn for det som er best for innbyggjarane, seier Ole Magne Omdal.