VALLE: — Knut gjer all'i feil. Og så er han ikkje åreforkalka heller. Kva skulle eg gjort utan han!85 år gamle Ingebjørg Berg på Rysstad smiler over heile andletet der ho tek imot den eit år eldre køyrekaren. Knut O. Nomeland med toyotaen og varene ho har tinga frå coopen på Rysstad er eit kjært helgeinnslag for ho og systra.Knut skuvar skyggeluva litt lenger opp i panna og smiler attende: - Nei, eg har ikkje tenkt å gjeve meg på ei god stund enno.Nystempla ligg førarkortet hans i lomma. For eit par dagar sidan var 86-åringen til vurdering hos doktor Olav Holen på helsehuset i Valle. Alt i orden denne gongen også. Skadefritt

I 67 år har Knut køyrt skadefritt i Setesdal. Han kallar det skadefritt sjølv om han har vore i grøfta nokre gonger. - Eg har snurra rundt på glatta. Det er ikkje til å unngå det når ein skal ut i alt slags veir, seier Nomeland.I 25 år køyrde han med eigen lastebil for Kristiansand Jernstøperi mellom modellverkstaden på Rysstad og Kristiansand.- Kor mange turar har du hatt langsetter riksveg 9?- Det er snaut tal. Men ein av desse transittane mine gjekk ein halv million kilometrar, fortel han. Starta med hest

19 år gammal hadde Knut Olavson sitt første store køyreoppdrag. Det var i 1937. Farbror hans hadde slege høy inne i vestheia, ved Urevass-støylen. Mars kom med så godt sledeføre at farbroren køyrde trugelaus innetter fjellet med høylassa.- Når det var så godt føre så laut dei sleppe meg aleine, meinte eg - og fekk lov. Eg var helst høg i hatten då eg kom heim med høylass og alt var i orden, hugsar Knut. Han minnest det som det var i går.I åra som følgde vart det mange hesteturar i fjellet på Knut. I allslags veir og til alle årstider.- Det kunne vel vere dramatisk av og til?- Å ja. Ei Guds bevaring i mange tilfelle. For hadde det stått til min disposisjon, så hadde det kunne gått gale, seier misjonssambandsmannen, bonden og køyrekaren frå Nomeland. Tunge lass

Som tilsynsmann for turisthytta Øyuvsbu vart det mange turar innetter Heibergveien sommarstid for Knut O. Nomeland. Lassa vart større og større, og snart melde behovet seg for bil.I 1957 kjøpte Knut ein brukt «kvarting», ein Bedford. Den hadde gått som øvingsvogn ved Gimlemoen. 1800 kroner gav han for den vesle lastebilen.- Ein gong køyrde eg tusen kilo med asbestplater inn Heibergveien som skulle til Øyuvsbu. Om du lasta 750 kilo eller 2000 kilo, så gjekk han like godt, fortel Knut der vi køyrer inn tunet til ein av kundane på Straume. Folk og fe

Knut køyrde både folk og fe på lastebilane sine. Det gjaldt å binde kyrne stramt så dei ikkje fekk rykke seg laus. På 60-talet var det ein haust ei såkalla aksjonsveke i bygda. Då gjorde Knut O. Nomeland bilen om til kyrkjetransport. Kvar kveld gjekk bedforden til kyrkja på Rysstad med 8-10 menneske på planet. Knut hadde gjort benkar, kona hadde polstra dei, og presenninga heldt regn og trekk borte.- Eg handla vekk bedforden til Ole Jochumsen i Kristiansand Eg fekk 300 kroner for han og kjøpte meg ein ny Ford Transitt. Eg kjøpte bare førarhuset og chassis og fekk Lars Liestøl på Rysstad til å gjere plan og grindar. Hausten 1967 fekk eg fast køyring på samyrkelaget, fortel Nomeland. - Kjempejobb

Frå 1975 hadde han køyring både for jernstøyperiet og samyrkelaget.- Knut gjer ein kjempejobb, seier Berit Homme på Cooop. - Er det nokon som fortener rosande ord i Fævennen, så er det sanneleg han, meiner ho.Knut tek godt vare på dei varme orda han får på ruta si. Det gjer han godt å vere til nytte.Haustsola står lågt då vi rullar inn på gardstunet etter endt varekøyring. Knut strekker litt på seg, tek av seg sjåførluva og set over kaffen. Neste laurdag ventar nye varer og nye kilometrar på køyrekaren Knut O. Nomeland.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no