BYGLAND: Det er Bygland Helselag og Setesdalsmuseet som no vil sette fokus på det gamle tuberkulosesanatoriumet Landeskogen.I dag er Landeskogen asylmottak.På Kulturminnedagen 14. september ønsker arrangørane at så mange som råd av attlevande pasientar og tilsette frå den tida der var sanatorium gjev lyd frå seg. Sjølvsagt ønsker ein at så mange som råd kan take turen dit denne søndagen og, men kunnskap om Landeskogen i noko eldre tider er og ønskeleg å få.I alle åra frå 1918 til 1961 var det 120 pasientar, fire-fem legar og 100 andre arbeidsplassar på denne viktigaste helseinstitusjonen i Setesdal.I den tida var her nærast for ein eigen landsby å rekne innanfor portane til Landeskogen.På Kulturminnedagen vil det verte omvisning om ettermiddagen. Lokalkjende skal fortelje om behandlinga og mykje anna som gjekk føre seg i dette samfunnet, som var sjølvforsynt med det meste.Der vil og bli foredrag og biletsyning.Doktor Kjell Bjartveit vil fortelje om si tid på Landeskogen frå 1953 til 1955.— I tillegg er han kjend for å kunne gje ei levande framstilling av den tidlegare kampen mot tuberkulosen, fortell Leonhard Jansen i arrangmentskomiteen.Også dei veteranane som ikkje sjølve kan delta denne dagen, vert bedne om å ringe eller skrive til leiar i Bygland Helselag, Kristine Hovstad på Hornnes, til Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet på Rysstad eller Vidar Toreid på legekontoret i Bygland. Desse er svært interessert i å take vare på soga om Landeskogen for ettertida.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no