KRAFTKILDER | Noregs «andlet» står på spel når dagens politikarar skal forsetja og tillata øydeleggjingaav turist-attraksjonane våre ved å leggja elvar og fossar i røyr. Dette er ei skam då det fins alternative kraftkjelder. Desse vakre og trollske elvane og fossane har forma landet vårt i uminnelege tider. Me kan byggja eigne gasskraftverk som med dagens teknologi er forureiningsfrie. Spelvarmen kan ogso brukast som billeg oppvarming for dei som bur i nærleiken. Men dagens politikarar tykkjer det er betre å kjøpa straum frå dei forureinande kolkraftverka i Europa, og vidare senda gassen vår til EU som har gasskraftverk med gamal teknologi, for so kjøpa den attende som dyr straum.Styresmakta vil ikkje bruka gassen til eige formål, men heller leggja naturperlene våre i røyr, ser det ut til! Styresmakta klarar utruleg nok å forma det vakraste me hartil det verste ein kan tenkja seg. Demokratane er eit parti som vil ta vare på Noregs vakre natur og sleppa «fossegudane fri». Me vil halda oss i tida ved å bruka dagens teknologi til eigne forureiningsfrie gasskraftverk i staden for å kjøpa straum frå dei forureinande kolkraftverka i Europa. Vidar KleppeJan SimonsenIngmar og Haoko Tveitt Demokratane