KRISTIANSAND: — Dette kurset er heilt topp! Vi har lært mykje nyttig om marknadsføring, og fått auka forståing for alle reglane vi må ta omsyn i produksjonen, seier sauebonde og spekemat-produsent Astrid Nesland frå Åseral.Kvalitetssikring og kontroll var tema då tjue småskala matprodusentar hadde kurssamling på Bjørndal gård torsdag og fredag før helga. Det var den andre av fire samlingar i kurset, som går over eit halvt år, og er i regi av Forsøksringen i økologisk landbruk på Agder (FAGRO) og Norges Vel.Knyter kontaktar

Astrid og Arnfinn Nesland har starta foredling av sauekjøtt saman med dottera og svigersonen. Familien har hatt sauehald som levebrød i mange år, men vil no auka inntekta ved å vidareforedla kjøttet til spekemat. Før jul hadde dei eit prøveprosjekt der dei laga fenalår og pinnekjøtt. Det gjekk betre enn venta, og med forretningsplan laga i løpet av kurset, satsar dei på å foredla 70 lam i år. Innan tre år ønskjer dei å tredobla produksjonen.- På kurset har vi knytt kontakt med andre som held på med småproduksjon. Personar som arbeider med servering eller sal av mat kan vera potensielle samarbeidspartnerar for oss. Det er viktig, meiner ekteparet Nesland.Agronom og gartnar Hjørdis Annette Drangsholt frå Strai er også deltakar på utviklingskurset. Ho vil satsa på urte-dyrking.- Eg har lært mykje. Fordi vi lagar ein plan for prosjektet vårt i løpet av kurset, har eg måtta konkretisera og sortera ideane mine. Det er nyttig, seier Drangsholt.Kalvesuss og sniglar

Inger Birkeland Slågedal er leiar i FAGRO, som er lokalt ansvarlege for kurset.- Målet for utviklingsprogram-kurset er at deltakarane skal få laga ein forretningsplan på idéen sin, slik at dei kan koma godt i gang, seier Slågedal.Kursdeltakerane er spreidde både geografisk og i planar. Frå Arendal til Kvinesdal og Åseral. Frå tradisjonell produksjon av Kalvesuss (kjøttpålegg) til snigle-oppdrett. I løpet av eit halv år skal dei læra om marknadsføring, kvalitetssikring, økonomi og etablering av føretak.- Lokal, unik eller økologisk produksjon kjem for fullt no, og har stort potensiale, meiner Slågedal.Lågare terskel

Tilsynsingeniør i Næringsmiddeltilsynet i Vest-Agder, Willy Tangstad, var mellom føredragshalderane på kurssamlinga i Kristiansand.- Det er veldig spanande å få lov til å vera med på slike kurs! Ein god dialog som me får her, gjer at Næringsmiddeltilsynet blir noko meir enn «den store stygge ulven». Når folk veit kva reglar som gjeld, og kvifor, lettar det både vårt og deira arbeid, seier han.