Det var folk frå teknisk etat som fjerna korset i samband med at kommunen kjøpte bygget. Det førte til reaksjonar i bygda og sak i menighetsrådet. Dei meinte at så lenge bygget framleis vart i bruk til menighetsbygg, måtte korset hengast opp igjen.

Rådmann Eivind Berg svara at bygget også vart nytta til andre aktivitetar og at det nå var eit kommunalt bygg.

Onsdag kom formannskapet i Valle fram til det som ordførar Tarald Myrum (Sp) meiner er eit kompromiss i saka: Menigheten for lov å henge opp eit nytt kors ved inngangspartiet.

— Neonkorset kjem ikkje opp att, og bygget skal markerast som eit kommunalt bygg. Men menigheten får markere at det er religiøs aktivitet som foregår, seier Tarald Myrum.

Han legg til at det også er planar om eit nytt menighetsbygg i Valle.

— Vi føler ikkje at dette er noko stor sak. Men enkelte har engasjert seg veldig, og vi har respekt for det, seier Tarald Myrum.