BYGLAND: Styreformann i L/L Setesdal Bilruter, Bykle-ordførar Kay Jeiskelid, seier til Fædrelandsvennen at han ikkje ser det problemfritt å flytte Setesdal Bilruter frå Byglandsfjord til tomta deira på Evje.— I vedtektene for selskapet heiter det at dette skal lokaliserast til Byglandsfjord. Eg føler at om anlegget skal flyttast til Evje så må generalforsamlinga endre vedtektene, seier han.Setesdal Bilruter har vanlegvis generalforsamling i juni. Ikkje godt nok

I forrige veke vart administrasjonen i Setesdal Bilruter sin rapport om «Framtidig lokalisering av L/L Setesdal Bilruter» lagt fram for styret.Konklusjonen i rapporten er klår:Ein ser det hensiktsmessig å flytte selskapets hovedadministasjon, garasjeanlegg og verkstad til Evje.Men styret tok ikkje stilling til innhaldet i konklusjonen denne gongen. Det kjem styret attende til i april, opplyser Jeiskelid.Det vart ikkje fatta noko vedtak i saken. Jeiskelid seier det slik:- Administrasjonen har jobba bra med dei økonomiske sidene. Vi vil også sjå på totaliteten. Møter

Styreformann Kay Jeiskelid seier styret vil opptre ryddig overfor kommunane Bygland og Evje og Hornnes. Difor vert det halde møter med partane fram til styremøtet i april. - Dersom det totalt er mest tjenleg for Setesdal Bilruter å flytte til Evje, så må styret handle til det som er best for selskapet, seier Jeiskelid. Det trur han dei andre setesdalskommunane og vil vere einige i.Det er viktigt å skaffe Byglandsfjord alternativ verksemd som staden er tent med, meiner han.- Eit bilopphoggeri vil ikkje vere nokon god erstatning, seier Jeiskelid.No vil han nytte tida selskapet treng til å greie ut alle sider av denne betente saken.Jeiskelid meiner ikkje at det er grunn til å kritisere leiinga i selskapet for å ha gått for fort fram i saka. Men det har både tilsette i Setesdal Bilruter og innbyggjarane på Byglandsfjord gjeve uttrykk for overfor Fædrelandsvennen.- Leiinga har flagga synspunkta sine. Det er greitt, seier Kay Jeiskelid. johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no