• Sylfest Lomheim har passert 73 år, men brenn i hugen som ein ungdom for nynorsk. Han trudde aldri han skulle oppleve at UiA ba om å kutte ut nynorsk. FOTO: Kjartan Bjelland

Hudflettar leiinga på universitetet

Sylfest Lomheim trudde aldri han skulle oppleve noko så dramatisk: Tenk at «hans eige» universitet ba om å få sleppe å bruke nynorsk. – Ein stor skandale, seier språkmannen og kjem med eit kraftig forsvar for nynorsken.