KJENTFOLK: Anne Berge (tv) har funne fram pipa for fotografen. Her saman med Tora Aamlid som ein del år seinare gifte seg med Osmund Faremo og vart mor til Grete Faremo. Vidare frå venstre: Ingebjørg Aamlid, Torbjørg Aamlid Paus og Anlaug Bø. Foto: Privat
GRAVFERD: Nokre gonger vart dei døde fotografert før garvferda. Dette er ei jente frå Bygland som døde på slutten av 1920-talet. Foto: Privat
SLÅTTEN: Familiebilete frå slåtten i 1923. På biletet ser vi (f.V) Gunhild Aamlid, Tora Aamlid, Halvard Aamlid og Ingebjørg Aamlid. Foto: Privat
VED GRUA: Dette er bestemor til Ingebjørg Homme, Tora Aamlid. Biletet er frå 1937. Foto: Privat
HISTORISK: Det første flyet som landa i Valla, i første halvdel av 1930-talet. Foto: Privat
STAVDALEN: Transport av høy nedover Stavdalen i Valle. Biletet er truleg frå 1940-talet. Foto: Privat
TØMMERFLØTING: Tømmeret vart transportert nedover Otra heilt fram til 60-talet. Dette biletet er teke i fossen ved Valle sentrum. Foto: Privat
REISANDE: Kvinna på biletet vart kalla "Tater-Maria" og var ein reisande som var mykje i Setesdal. Her saman med ektemannen sin som skal ha vore den femte i rekka. Foto: Privat
HOMME: Dei første landskapsbileta frå Valle er over hundre år gamle. Dette er frå Homme ein gong mellom 1880 - 1890. Foto: Privat
SETESDALSKULTUR: Dans på Ose. Foto: Privat
SAUESANKING: Sauesanking på 1940-talet på Åmlid i valle. På biletet held Olav Knutson Bø opp ein av sauene som skulle fordelast. Foto: Privat

Se bileta over!

VALLE: Ordførar Tarald Myrum veit han risikerer å fornærme nokon, men seier det like vel.

— Ingebjørg Homme er nok den største kulturberaren vi har her i Setesdal.

Så legg han til noko som også kan vere ein vågal påstand.

— Ho er nok også den her i dalen som har best kjennskap til Setesdalsbunaden.

KONGELEG HEIDER: Ingebjørg Homme har sydd fleire hundre bunader, samla inn fleire tusen ord frå Setesdal, samt bilete og gamle regler. Søndag fekk ho kongens fortenestemedalje for innsatsen. Her med ein av dei over 50 albuma der dei gamle bileta er samla. Foto: Kjetil Reite

Kongeleg heider

Søndag kveld fekk Ingebjørg Homme kongens fortenstmedalje for innsatsen for Setesdalsbunaden og for å ha teke vare på unik kulturarv frå dalen.

— Eg vaks opp i ein heim der mor mi sauma bunad og der det var spel og fortellingar om gamle dagar. Slik starta den interessa, fortel Ingebjørg Homme.

I heimen på Aamlid i Valle, var det også ei kasse med gamle bilete.

— Det var frykteleg spanande. Der var det både bilete frå Setesdal og Amerika, seier ho.

Kjennskap

På slutten av 50-talet kom mann hennar over ein annonse om mørkeromsutstyr. Då byrja Ingebjørg Homme å framkalle gamle negativar. Ho reiste rundt i bygda og fann gamle bilete og folk kom til henne.

KVARDAGSLIV: Sigrid Holen i Bykle vaskar klede i bekken. Biletet er truleg teke ein gong på 1940-talet. Foto: Privat

Innan digitalisering vart vanleg, hadde Ingebjørg Homme samla det som har blitt ei unik samling bilete, der dei første er frå 1850-talet. Det var like etter fotografiet vart oppfunne.

— Det er moro å bli kjend med dei som levde før og sjå korleis dei såg ut, seier ho.

Kulturskattane

Dei gamle bileta Ingebjørg Homme samla inn, er blitt ein attraksjon på folkebiblioteket i Valle.

SKADD MANN: Daniel Oddeskar vart skadd etter eit åtak frå ein bjørn på slutten av 1800-talet. Seinare fekk han ei maske, laga av ein tannlege i Arendal. Foto: Privat

Men det er ikkje berre bileta ho har hindra frå å ende sine dagar i bortgøymde kott. Ho har samla inn gamle stev og viser og er ein av eldsjelene bak nettstaden Vallemål. Her har ho vore med og samla inn over 10.000 ord.

— Korleis står det til med Setesdalskulturen i dag?

— Det er ikkje så verst, om ein ser bort frå språket. Det ser det ut til at det er litt vanskeleg å halde på. Men bunaden er det mange som vil ha.

Så har då Ingebjørg Homme sydd bunad til tidlegare kulturminister Åse Kleveland. Samt representantar for familien som no gjer henne heider. Märtha Louise fekk nemleg sydd seg stakk til konfirmasjonen i 1987. Kongefamilien har med andre ord visst om henne ei stund.