SETESDAL: — Det er ein del høge priser på hyttetomter, og det er nok med på å skubbe inntektene oppover. Eg er vanlig bonde til vanleg, så det er ikkje der inntektene kjem frå, seier Sondov Bjåen som bur heilt nord i Bykle kommune og som tente 2,1 millionar i 2004.Han fekk seld fleire hyttetomter i fjor og innrømmer at han fekk gode prisar på dei.Felles for lønnsadelen i fjellkommunen Bykle er at dei er busette på Hovden. Inntekter frå sal av fast eigedom, og då spesielt hyttetomter, er ein viktig grunn til dei gode inntektene.Og pengane går ofte inn att i reiseliv.- Eg satsar vidare på garden, men ikkje vanleg gardsdrift. Det blir heller gardsturisme, seier Sondov Bjåen.Også brørne Jon og Kjetil Uleberg hadde eit godt år i fjor med inntekter på høvesvis 3,5 og 3 millionar.På topp i Bykle ligg likevel Ole Bruun som i fjor selde seg ut av Hovden Høgfjellshotell, noko som gav ei inntekt på 7,6 millionar.- Så dette er nok eit eingongstilfelle. Diverre, seier Ole Bruun.Han bur framleis på Hovden og jobbar mellom anna med å utvikle det tidlegare Sportellet på Hovden.Trass i at tomtesalet på Hovden er bra, er det likevel Jørn Salvesen frå Hornnes som hadde det beste året i 2004 i Setesdal. Salvesen driv med eigedom i Evje og Hornnes og kunne håve inn over 17 millionar i fjor.- Eg fekk realisert ein del eigedomar i fjor. Både forretningar og bustader, seier Jørn Salvesen.På Hornnes bur også andre mann på inntektstoppen i Evje og Hornnes. Kjell Ove Kallhovd har fått god sving på verksemda Dekkomsetning og har ei inntekt på 3,9 millionar.På inntektstoppen i Setesdalskommunane er det som vanleg mange velkjente namn som bidrar med gode skatteinntekter. Mellom anna kan Bygland kommune nyte godt av at Rune Skibsrud, medeigar og dagleg leiar i Skibsplast, har busett seg i kommunen. Med ei inntekt på 2,5 millioner er han på inntektstoppen i kommunen og yter 820.895 kroner i skatt.