Laurdag 5. juni vert det minnekonsert i Valle kyrkje for komponisten, organisten og kulturberaren Eilert M. Hægeland frå Evje som døydde brått den 13. februar.Kirsten Bråten Berg, Gunnar Stubseid, Tina Høgevold, Birgit Lund, Øystein Kikut, Nina Irslinger, menighetskoret frå Evje og Hornnes, Arvid Lien og Bernhard Emmelkamp skal framføre verk etter Eilert M. Hægeland. Dei vil og framføre andre verk som dei veit Hægeland sette pris på.Eilert Hægeland var svært glad i dei gamle folketonene frå Setesdal. Plata «Juletid» som han gjorde saman med Kirsten Bråten Berg og Hallvard T. Bjørgum for nokre år sidan, er for mange blitt ein song— og musikkskatt.Alt som liten gut trakterte Eilert orgelet, som organist i Valle kyrkje.- Eilerts bortgang var brå, men hans musikalske ånd skal leve vidare, seier organist Bernhard Emmelkamp i Valle. Han ønsker vel møtt til ein minnerik konsert laurdag.