BYGLAND: Trafikken på ekspressruta Setesdalsekspressen er så svak i helgane at bussen frå Bergen kl. 13.30 søndag og fredag vert innstilt. Det same blir avgangen frå Kristiansand til Haukeli fredag og søndag kl. 14.45.Disponent i Setesdal Bilruter, Gunnar Auestad, seier at det er problem hos HSD Buss i Bergen som har ført til at busstilbodet er blitt redusert.— Vi hadde ynskja å halde fram med denne ruta, men HSD ville legge ned desse avgangane. Denne omlegginga skjer i samarbeid med dei, seier Auestad.Helgerutene mellom Bergen og Kristiansand vart oppretta i mai 1999.