KRISTIANSAND: Samarbeidsrådet for Vest— og Sørlandet (SAVOS) krev ei sterkare satsing på utvikling av samferdsel og kommunikasjonar på Sør-og Vestlandet. Nær halvparten av landet sin eksport av tradisjonelle varer kjem frå denne landsdelen. I eit brev til finanskomiteen, samferdselskomiteen og stortingsrepresentantane for dei seks SAVOS-fylka, vert det peika på at saman med hamneknutepunkta langs kysten er Kyststamvegen E 39 og E 18 viktige deler av eit transportsystem som er i og i større grad vil være berebjelken i landet si framtidige økonomiske utvikling.SAVOS er ikkje nøgd med budsjettframlegget for E 18 i Agder-fylka. I tillegg til å sikre nødvendig framkomst, gjeld dette også viktige trafikktryggleikstiltak på spesielt ulykkesutsette strekningar. - Det må løyvast statlege midlar i samsvar med opplegget i handlingsprogrammet i Nasjonal transportplan for 2003, for å sikre effektiv og optimal prosjektframdrift i dei prioriterte prosjekta på E 18 i Aust- og Vest-Agder. I tillegg må også uføresett kostnadsauke på prosjektet E 18 Bjørndalsletta - Gartnerløkka innarbeidast i budsjettopplegget, krev SAVOS.Vidare peikar SAVOS på at E 39 Kyststamvegen i fleire regionale og nasjonale planar, utgreiingar og vedtak, er framheva som ein viktig føresetnad for den eksportretta verdiskapinga og ein sterk Sør- og Vestlandsregion. Men det hjelper lite.Når det kjem til løyvingar, viser det seg at vegstrekninga er blant verstingane når det gjeld oppfyllingsgrad i høve til nasjonale handlingsplanar, heiter det i skrivet som er underteikna av SAVOS-leiar Oddvar Skaiaa. For 2003 medfører budsjettframlegget at Rogaland ikkje får ei stamvegkrone til E 39 heller ikkje dette året, og at viktige investeringsprosjekt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vert utsett.- SAVOS kan ikkje akseptere dette, og fremjar krav om at følgjande vegprosjekt på E 39 Kyststamvegen og E 18 Bjørndalsletta også får løyvingar til byggestart i statsbudsjettet for 2003: 20 millionar til Brokelandsheia -Vinterkjær i Aust-Agder og 40 millionar til strekninga Bjørndalsletta - Gartnerløkka i Kristiansand. Vidare krev SAVOS 25 millionar til E39 Kristiansand - Bergen, 80 millionar til Bergen - Ålesund og 40 millionar til E39 Ålesund - Trondheim.