Løyvet gjeld den same ruta som Sørlandsruta i dag driv i samarbeid med Nettbuss Vest, men som Sørlandsruta ønskjer å innstille drifta av frå 1. mai 2005. Løyvet til LL Setesdal Bilruter gjeld for ein periode på ti år, rekna frå 1. mai 2005. I vilkåra for løyvet er det mellom anna krav om at bussane i ekspressbussruta skal vere tilpassa reisande som er funksjonshemma og som bruker rullestol, skriver Samferdselsdepartementet i en pressemelding.