— Eg vonar lesarane vil like det. Det ligg fleire tusen timar med arbeid bak. Eg er imponert over det faglege nivået, sier leiar i Setesdal Sogelag, Bjarne Tveiten frå Bykle.

Bjarne Tveiten

Det var i 2013 Tveiten møtte Knut H. Homme frå Valle, Magnhild Rygg frå Bygland og Beint Foss frå Agder historielag til uformelle møter i det gamle stasjonsbygget på Byglandsfjord. Tveiten blei leiar i laget.

1500 i opplag

Målet alt då var å få til et årsskrift med historiske artiklar av så høg kvalitet som mogleg. Nå er målet nådd. Opplaget er på 1500, og du kan lese om alt frå erotiske eventyr i dalen til historia om samane som budde øvst i Setesdal. 112 sider er årsskriftet på.

— Artikkelen om erotiske eventyr og erotisk biletbruk har ein svært høg fagleg kvallitet. Han er skapt av historikar Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk, seier Tveiten.

Sjølv har han skrive soga om samane og tamreinlaga nord i Setesdal.

— Samane har vore ein altfor lite fokusert del av kulturen øvst i Setesdal. Eg hugsar dei levde i fjellgardane då eg var liten, sier Tveiten.

Annemor Sundbø har forfatta ein artikkel om den gamle spådomsleiken «Glåsme».

Kjelder

Du kan også lese om sogegransking via Facebook, Hovden Høyfjellshotell og slutten for damp- og rutebåtane Bjoren og Dølen.

— Er ikkje «Jol i Setesdal» nok?

— Det er plass til båe. Me har med ting som kunne stått i Jol i Setesdal. Men me freistar å ligge på eit høgt historisk nivå med kjeldehenvisning til alt. Det blir to ulike ting, sier Tveiten.

Sogelaget, som nå har godt over 100 medlemmar, er allereie godt i gang med neste årsskrift.

Årsskiftet er til sals i dei flest bokhandlane frå Kristiansand til Bykle.