EVJE OG HORNNES: — Mange set pris på kvalitetane ved eit liv i utkanten. Då må dei også få lov å bu der, seier Kristen Bjormyr, fylkesleiar i Senterpartiet i Aust-Agder.

Han reagerer sterkt på at Fylkesmannen i Aust-Agder seier nei til bustadfelt i bygda Moisund, fem kilometer sør for Evje sentrum. Grunngjevinga er at utbygginga vil føre til meir pendling og dermed meir forureining.

Bjormyr skjønar at fylkesmannen tek slike omsyn, men meiner den positive sida ved eit liv på stader som Moisund bør telle tyngre.

— Eg må seie at eg misunner dei som kan la ungane vekse opp på slike stader. Å bu i ein by kan fort bli ei tvangstrøye. Der kan du ikkje akkurat gå ut og pisse på hjørnet, seier Bjormyr.

Utkantstrid

Bjormyr fryktar at det no blir innført ein politikk der folk kun får busette seg i sentrale strok. Men skulle saka bli anka heilt opp til regjeringsnivå, satsar han på at Senterpartiet får sikra utbygging.

— Eg trur at Senterpartiet har mange gode argument i denne saka. Så her kan vi argumentere godt med miljøfana høgt heva, seier Bjormyr.

Senterpartiet sin fylkesleiar i Vest-Agder, Sigmund Oksefjell, meiner at fylkesmannen går på tvers av norsk distriktspolitikk. Han trur dessutan at det ikkje vert meir forureining av bustadfeltet.

— Dette feltet ligg jo langs ein kollektivakse der ein kan ta buss til både Evje og Kristiansand, seier Oksefjell.

Og legg til:

— Folk skal sjølve få avgjere kvar dei vil busette seg. Det er ikkje noko andre skal fortelle dei.

For mykje miljø

Fylkesmannen har støtta seg til stortingsmeldingar som slår fast at det skal byggast slik at det ikkje fører til meir privatbilisme. Stortingsrepresentant Åse Michaelsen (Frp) meiner fylkesmennene i Noreg legg altfor stor vekt på miljø og tek for lite omsyn til positive sider ved utbygging av bustader.

— Miljøomsyn kjem framfor mange andre viktigare omsyn. Som at folk skal kunne få bu grisgrendt hvis dei vil det, seier Michaelsen som understrekar at ho uttalar seg prinsippielt sidan den aktuelle saka ligg i nabofylket hennar, Aust-Agder.

— Men generelt kan eg seie at i sak etter sak tek fylkesmannen makta og sjølvråderetten frå kommunane. Det er ikkje opp til fylkesmannen å synse om kvar folk skal bu og dermed hindre vekst, seier ho.

MÅ FÅ BU PÅ BYGDA: Kristen Bjormyr (Sp) meiner folk må få bu der dei vil, sjølv om dei må bruke privatbil for å kome seg på jobb. (Foto: Jon Anders Skau) Foto: Jon Anders Skau