BOKGunnar Stubseid: Sigbjørn Bernhoft Osa. Spelemannen, slåttane, sogene, samtida. Eide forlag, Bergen 2003. (145 sider).Ei praktbok er det Eide forlag presenterer med Gunnar Stubseids bok om konsertspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90).Ingen har som Gunnar Stubseid føresetnader for å skrive om Osa. Som Osa har Stubseid røtene sine i Setesdal og på vestlandet, og han har samarbeidd med Osa i lang tid ved Ole Bull Akademiet på Voss. No er Gunnar Stubseid rektor ved denne institusjonen.Stubseid deler boka inn i fire kapittel. I første kapittel gjer han stutt greie for den kulturhistoriske arven frå 1800-talet for rolla som konsertspelemann, ei rolle Sigbjørn B.Osa fylte i store delar av 1900-talet. Stubseid fører konsert-tradisjonen attende til Ole Bull, og dreg lina vidare mot Sigbjørn Osa gjenom Myllarguten, Lars Fykerud og Eivind D.Aakhus. Han nemner stutt også ein del andre viktige konsertspelemenn som har eit spesielt forhold til Sigbjørn Osa. Men utvalet av dei tri store konsertspelemennene er ikkje tilfeldig. Det er godt gjennomtenkt i høve til heilskapen i boka. Kapitlet er illustrert med kjende bilete av sers god kvalitet av dei sentrale aktørane.Andre kapitlet er hovudbolken i boka. Her presenterer Stubseid kronologisk Sigbjørn Osas liv, og han har hatt mange kjelder å velje mellom for si eiga framstilling. Stubseid startar med dei geografiske røtene til Sigbjørn Osa, i Osa i Hardanger, går vidare med slektsbakgrunn og foreldra: Lars Osa og Hermine Bernhoft. So går han direkte inn på Sigbjørns liv i dei første leveåra, frå Ulvik, Voss, Setesdal og attende til Voss. Seinare blei det fiolinutdanning med opphald i Oslo og Berlin. Under krigen var det mobilisering i Valdres og illegal verksemd mot nazistane. I 1946 seier Sigbjørn Osa opp den faste stillinga si i radioensemblet og blir fri spelemann.Det var som formidlar av folkemusikk til andre sosiale miljø enn den indre kjerna av folkemusikkinteresserte, at Sigbjørn Osa utmerka seg mest. Det viktigaste arbeidet hans var å gjere hardingfela kjend i miljø som var framande for denne musikken. Ikkje minst var det viktig å få hardingfela kjent blant kunstmusikarar. Han var oppteken av samarbeid med fiolinmakaren John G. Helland for å utvikle ei hardingfele med større berekraft, som kunne nyttast i orkestersamanheng, og han var interessert i det middelalderlege instrumentet viola d'amore, som han ville knytte til norsk hardingfelemusikk, for slik å syne fram linene mellom norsk folkemusikk og barokkmusikk. Då den grøne bylgja kom i 1970-åra, med lokalmusikken og det populistiske, stilte Sigbjørn opp på ungdommens side, og tona ned sin eigen tilknytnad til det nasjonale og kunstmusikalske. Soleis viste han at ideane hans sto høgare enn reint personlege syn.Siste steg i Osas liv er opprettinga av eit akademi for norsk folkemusikk etter mønster av idear Ole Bull hadde hatt i 1863. Det spesielle ved Sigbjørns realisering av Ole Bulls ide i Ole Bull Akademiet på Voss, er blandinga av den folkelege formidlinga og det akademiske studiet. Det skal soleis trekkjast inn dei beste utøvarane innan vokal— og instrumentalmusikk, og bruke dei som formidlarar og lærarar av den musikktradisjonen dei representerer. Første undervisninga kom i gang på Voss etter slike retningsliner i 1977.Elles avsluttar Stubseid Kapittel 2 med forteljingar som syner trekk i personlegdomen Sigbjørn Osa. Ikkje alle er framstilt berre positive. Det har vore eit poeng å få fram at Sigbjørn Osa også hadde personlege skuggesider, men samtidig er det også viktig for forfattaren å syne at skuggesidene kunne vendast til det positive. Håvard Kvandal sa det slik: Ingen var for stor for Sigbjørn, men ingen heller for liten! I tredje kapitlet omtalar Stubseid sider ved «Spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa». Det dreier seg om «Slåttar og repertoar«, «Spelestil, feler og klangideal», samt «utstråling og speleteknikk». Omtalen avspeglar ein konsertspelemann med røter i klassisk musikk såvel som i norsk folkemusikk. I folkemusikken var han nasjonalist, og søkte mot det generelle. Dei partikulære og lokale særtrekka var han ikkje så mykje oppteken av. Han nytta klassisk fiolinteknikk og temperert skala, og hadde soleis eit heilt anna syn på folkemusikk enn det som har vore dominerande i Noreg etter den grøne bylgja i 1970-åra. Dei lange lydarslåttane etter Haldor Meland og Sjur Helgeland meistra han som ingen annan. Men han skar bort det lokale og særeigne, og presenterte dei i ei klassisk, nasjonal, kunstmusikalsk form. Osa hadde ei genial sceneframferd, og ei replikkunst som ingen andre. Slik makta han å formidle sentrale trekk ved norsk folkemusikk til eit større og breiare publikum enn noen før eller etter han har greidd.I eit fjerde og siste kapittel freistar Stubseid gi eit oversyn over det musikkmaterialet som finst etter Osa. Det gjeld bøker som er utgjevne om Osa, ei liste med komposisjonane hans, ein diskografi og eit oversyn over slåttar Osa har spela inn i NRK sitt arkiv.Boka dekkjer sentrale sider av Sigbjørn Osas livssoge, både som musikar og menneskje. I slike framstillingar må ein alltid prioritere nokre sider på bekostning av andre, og som forfattar kan ein lett bli kritisert på dette punktet. Stubseid har ut frå sin ståstad naturleg nok valt å understreke Osas tilhøyring til det folkemusikalske konsertidealet, hans røter i Setesdal og på Voss, instrumentutviklaren, folkemusikkformidlaren , skaparen av Ole Bull Akademiet, samt nokre av dei særeigne trekka ved «den geniale kunstnaren». Det er etter mi meining kloke og gode val, og Stubseid har makta å formidle desse perspektiva i ei glimrande nynorsk språkdrakt. Sigbjørn Osa har fått ei minnebok som er han verdig. Professor i folkemusikkVidar LandeProfessor i folkemusikk