— Det er litt forståeleg at dei gjer dette når ordninga blir så dyr og så mange blir med, seier John Torjus Eriksen (16).Han er ein av mange unge i Åseral som har fått sommarjobb gjennom kommunen. I fjor fekk han ein jobb som jamnaldringar i andre kommunar berre kan drøyme om.- Eg jobba på turistkontoret. Noko av jobben var å lage ein video om Åseral kommune, seier han.Sambygdingane Espen Ljosland Johansson (16) og Magnus Karlsrud Heggdal (14) har enno ikkje fått nytte av ordninga med sommarjobbgaranti. Espen fordi han fekk seg anna arbeid i fjor. Magnus fordi han er for ung.- Det er ikkje noko særleg, seier Espen om forslaget om å kutte tilbodet.Han hadde planlagt å jobbe for kommunen med plenklipping og måling i sommar. Men han risikerer altså at kommunen ikkje kan gje han nokon garanti om ein slik jobb.Eldre kameratar har tent gode pengar på å jobbe for kommunen. Men ingen av dei tre gutane kjenner til at nokon sløvar seg gjennom sommaren for så å heve ei feit kommunal løn.- Eg trur dei fleste verdset at dei får ein jobb. Det er ikkje så lett å få annan jobb her oppe, seier Magnus.