I vårt moderne samfunn blir me utsette for ein straum av informasjon. Ekspertar på ulike område er stadig på banen for å opplysa oss om det eine eller det andre «problemkomplekset». Som oftast forstår me kva dei har å fortelja oss. Men det hender at me dett av lasset. Informasjonen blir både for teoretisk og for tettpakka. Medieforskarane vil hevda at mange menneske blir «slitne» av ikkje å forstå; dei kjenner seg avmektige og framandgjorde. I slike tilfelle kan me snakka om at det har oppstått ei informasjonskløft mellom sendaren i mediekanalen og mediebrukaren.I nettleksikonet Wikipedia kan ein lesa at ei informasjonskløft er «det skillet som finnes mellom to eller flere befolkningsgrupper eller sosiale lag med bakgrunn i at den ene gruppen vet noe den andre gruppen ikke vet, som gir den første gruppen et fortrinn i forhold til den andre». Dei fleste av oss finst slik midt i laget når det gjeld ressursar, aktivitetsnivå, informasjonsnivå og sosial status. Og omgrepet informasjonskløft må difor ikkje bli forstått som ein avgrunn som deler folket i to. Me er alle hemma av kunnskapsmangel på eitt eller fleire område. Men evna til å følgja med i informasjonsstraumen reint allment, er nok litt ujamt fordelt mellom forskjellige grupper i samfunnet vårt.I artikkelen «Når språket skaper problemer — informasjonskløfter og språkkløfter» seier professor Helge Omdal: «Overalt er de fleste av oss avhengige av profesjonelle lovtolkere, enten det er kommunale bygningssjefer, sosionomer, konsulenter på trygdekontor, likningskontor og i arbeidsmarkedsetaten, eller jurister.» Som døme nemner han at ein som blir arbeidslaus, ikkje sjølv utan vidare kan forstå kva slags rettar han eller ho har, ved å lesa forskrifter og rundskriv. Omdal meiner at det er populært å skulda på det offentlege språket når ein på denne måten føler seg avmektig. Språkrådet må her stilla opp fordi det har eit klart ansvar for å sikra folks språklege rettar, fortel Omdal.Generelt er det viktig å tileigna seg kunnskap om samfunnet rundt seg. Kunnskap er makt, og dei som sit med kunnskapen, kan lettare ta vare på eigne interesser. Informasjonskløfter kan såleis også bety at det er nokre i samfunnet som er betre enn andre til å finna fram til den informasjonen dei treng - når dei treng den. Konsekvensar av ei informasjonskløft kan bli at ei gruppe av samfunnet blir ståande utanfor og ikkje får høve til å delta i samfunnsdebatten på linje med andre borgarar. På mange vis er dette ein trussel mot demokratiet. «Et velfungerende demokrati er avhengig av at flest mulig deltar i samfunnsdebatten, slik at man kan få mest mulig riktige beslutninger,» heiter det i ei NOU-utgreiing frå FAD om informasjonssamfunnet.Helge Omdal er i den nemnde artikkelen opptatt av korleis den offentlege språkbruken avspeglar det kompliserte og spesialiserte samfunnet. Han seier: «La gå at knapt noen forstår reglene for samordning av folketrygda og Statens pensjonskasse, og at du og jeg heller ikke kan rekne oss fram til hvor høg pensjonen blir. Verre er det at mange ikke kan finne ut av lønnsslippen sin og kontrollere om de har fått riktig lønnsutbetaling, eller forstå hva koder og tall på strømrekningene står for. Når folk klager over vanskelig forståelige utskrifter og oppstillinger, blir de ofte møtt med påstander om at dette ikke lar seg endre på grunn av datamaskinprogrammet. Og der ender som regel klagen.» Omdal seier vidare: «Oftere og oftere ser vi eksempel på at det snarere er dataprogramma som styrer språket, enn behovet for forståelig språk som styrer dataprogramma.»I den mediekvardagen me nå lever i, er det stor valfridom. Det er lett å velja bort det mest krevjande, det som gjev nye innfallsvinklar eller teiknar opp nye samanhengar. Somme treng meir hjelp enn andre til å forstå samanhengar. Mediefolka må ta omsyn til dette. Det viktigaste er likevel den viljen mediebrukaren legg for dagen. Dersom ikkje viljen til å forstå er der hos sjåaren eller lesaren, nyttar det ikkje med all verdas påtrykk og tilrettelegging.Det finst mange grunnar til at informasjonskløfter oppstår. Mangelfull utdanning kan vera ein grunn, dårlege norskkunnskapar ein annan osb. I kva grad ein kan gjera seg nytte av moderne informasjonsteknologi, vil også spela ei viktig rolle. I aktualitetssendingar på tv blir det tidt sagt: «Meir om dette kan du lesa på nettsida vår www.nrk.no» eller «heile saka ligg på www.tv2.no.» Det er også vanleg at det i nyheitene blir referert til for eksempel «Aftenpostens nettavis» osb. Når folk skal søkja om tilskott til eit eller anna frå ein offentleg instans, er det ofte slik at søknaden skal fyllast ut på nettet og sendast elektronisk. Me veit at fleire og fleire har internett-tilgang i heimane sine. Men framleis er det ein god del som ikkje har det. Dei brukar ikkje internett korkje på jobben eller i heimen. Av rapporten «Nøkkeltall om Informasjonssamfunnet», utarbeidd av Statistisk Sentralbyrå i 2004, går det fram at 81 % av alle i aldergruppa 16-24 år nyttar datamaskinen til sending av e-post med vedlegg, medan 67 % i aldergruppa 55-64 og 46 % i aldersgruppa 65-74 gjer dette. Desse tala gjev oss ein peikepinn på bruken av datateknologi generelt i samfunnet. Dei som forskar på informasjon, vil hevda at når det gjeld den vaksne delen av befolkninga, går det eit skilje mellom dei som kan og dei som ikkje kan gjera seg bruk av informasjonsteknologien.I mediestraumen spelar tidt talespråk og skriftspråk saman med lyd og bilde. Språket er likevel heilt sentralt i informasjonsformidlinga. I dei seinare åra har det vore mykje merksemd kring dette å bruka eit enkelt og presist språk. Men framleis finn me døme på at skriftspråket blir så tettpakka med informasjon at lesaren misser tråden. Bruk av vanskelege ord skaper også avstand til den som skal ta imot bodskapen. Her har fagfolk, journalistar og politikarar framleis ein del å læra. Ein økonom trur kanskje at folk flest veit kva cash-flow og outsourcing betyr, men der tar han feil. Nokre av dei me møter på skjermen, likar å «pynta» seg med ord som dette, og elles moteord som indikere, evaluere, implementere, allokere, relevans, mentoring, synergi osb. Slike moteord skaper ein uheldig avstand mellom sendar og mottakar. Me lever i eit velfungerande demokrati, og utdanningsnivået er høgt i det moderne Noreg. Me tek alle imot informasjon utanfrå, kvar dag. Dei som sender ut informasjon til oss, må alltid ha eit ansvar for å tenkja gjennom innhaldet i det dei sender. Dei må også ha eit ansvar for å gje innhaldet ei form som gjer at det dei har på hjartet, når fram til oss i andre enden av informasjonskanalen.