SØRLANDET: — Vi har tre-fire ledige hytter og eit par leiligheiter på Hovden i vinterferien, men folk må vere raske, seier Unn Hovden ved Hovdenferie. Lenge har ho måtte seie «diverre fullt» når byfolk som var lei av asfalt ringde og ville leige hytte. Men på grunn av ei spesiell ordning med turoperatørane, får utleigarane hytter som ikkje er leigde ut, tilbake. - Det rimelegaste vi har er ei leiligheit for 6200 kroner for heile veka. Ei av hyttene ligg på 10.000 kroner, seier Hovden. Også Bykle hotell har ledige rom for ferien. På Brokke er det framleis mykje ledig.- Vi har tre-fire hytter ledige, i tillegg til nokre rom, seier Trygve Rysstad, dagleg leiar ved Rysstad Feriesenter. - Fem hytter er ledige heile vinterferien, seier Hallvard Kjelleberg ved Valle Motell. Hytte på Brokke i ferien ligg på mellom 3500 og 5000 kroner. - Vi har ledige hytter, men det er ikkje i nærleiken av dei store skiområda. Litt er ledig i Bygland, og vi har nokre hytter til leige litt nord for Hovden, seier Evelyn Heinen i Novasol Dansommer. Verksemda leier ut 2000 hytter i heile Noreg. - Hyttene som ligg høgt er ikkje ledige så seint, men i låglandet har vi ein del ledig, seier ho. - Vi har nokre rom ledige på Åseral feriesenter og eit par hytter ledige på Ogge. Prisen er 2500 for ei veke, seier Odd Jørgensen i Agder hytteformidling. Dei fleste kysthyttene er stengde for vinteren. - Det er heilt fullt over alt i Sirdal i vinterferien. Folk har bestilt for lenge sidan, seier Iren Sinnes i Sirdalsferie. - Kan hende fins det nokre få ledige hotellrom, men dei er ikkje ledige samanhengande over fleire dager, seier ho. Bortelid og Eikerapen kan du også sjå langt etter når det gjeld vinterferie. - Vi leiger ut 25 hytter, men ingen er ledige. Det er kun fordi alle har vinterferie på likt, meiner Liv Eikild ved Bortelid Servicekontor. - Alt er bestilt for lenge sidan, seier Torhild Eikerapen ved Åseral turistsenter, som administerer utleie av 35 hytter på Eikerapen. hilde.moi@fvn.no