RADARANLEGG: Radaranlegget på Høyfjellet på Flekkerøy var i bruk heilt fram til 2003. Det følgde skip som gjekk langs kysten, både sivile og militære. Foto: Roy Tangstad
stasi arkiv 3.jpg Foto: FABRIZIO BENSCH

EVJE OG HORNNES: Dei to informantane gjekk under dekknamna Hein og Ros og hadde truleg nært samband med den norske fagrørsla. Heile 59 gonger leverte dei ut informasjon til Stasi frå Noreg.

Kven som skjulte seg bak namna er framleis ukjent. Men det som er klart, er at dei mellom anna leverte ut informasjon om eit ammunisjonslager på Moisund og radaranlegget på Høyfjellet på Flekkerøy.

— Vi har opplysningane frå ein elektronisk databank som DDR-Statssicherheit (Stasi) førte mellom 1969 og 1989. Vi veit kva informasjonen dreiar seg om, kva verdi den hadde for DDR-Statssicherheit, kven som mottok den og frå kven den kom frå. Men dei står kun oppført under dekknamn, seier Helmut Müller-Enbergs som har forska på Stasi si verksemd i Norden.

Ukjende

Ved den Aust-tyske ambassaden i Oslo, sat det ein eigen militærattache som interesserte seg for både norske militæranlegg og Nato-øvingar. Rundt om i landet var det informantar som overleverte informasjon om både politiske aktivitetar, fagrørsla og militæranlegg.

Opplysningane om Hein og Ros og andre informantar, kjem frå det såkalla Sira-registeret der det blei registrert kva materiale som blei overlevert. I dette materialet blir det den 19. juli 1972 referert til ei sak om ammunisjonslageret på Moisund. 29. juli 1982 blir det referert til radaranlegget på Flekkerøy. Begge anlegga er nå nedlagde.

Informasjonen som Stasi fekk overlevert, blei ikkje vurdert som særleg verdifull. Det hadde dei heller ikkje nokon grunn til.

— Det kan vel hende at nokon viste interesse for dette lageret, men det inneheldt aldri noko som ville vere farleg eller kritisk for totalforsvaret. Det var i det heile tatt eit lite og ganske uinteressant anlegg i spionasjesamanheng, seier Trygve Johansen som tidlegare jobba på Evjemoen og som var med å bygge opp militærmuseet i bygda.

Han trur heller ikkje at radaranlegget på Flekkerøy var eit spesielt interessant objekt og meiner Stasi heller burde ha interessert seg for sambandssentralen i Baneheia som var operativ på 70- og 80-talet.

Nøkkelen

Hein og Ros og dei andre utanlandske medarbeidarane hos Stasi var registrerte hos avdelinga HVA (Hauptverwaltung A) i Berlin. I eit eige kartotek kom det også fram kven som skjulte seg under dekknamna. Avdelinga øydela nesten heile arkivet om sin aktivitet i utlandet då muren fall i 1989. Men kartoteket havna på mikrofilm og deretter på 381 CD-plater.

På eit eller anna vis havna desse hos CIA som gav arkivet namnet Rosenholz. Her kan ein altså finne svaret på kven Hein og Ros var.

— Med hjelp frå Rosenholz, spesielt personkartoteket og statistikkbøkene, kan vi få sterke haldepunkt for kven desse var, seier Helmut Müller-Enbergs.

Problemet er at Stasi-arkivet i Berlin kun har fått utlevert materiale som dreiar seg om tyske borgarar. Skal CIA levere ut den delen av Rosenholz-arkivet som dreiar seg om nordmenn, må initiativet kome frå Noreg.

Fleire svar

Justisminister Grete Faremo har alt signalisert at justisdepartementet vil prøve få materialet til Noreg. Men ho har presisert at det vil bli teke omsyn til personvernet til dei som har namnet sitt i materialet. (Sjå eiga sak)

I dag stangar Stasi-forskarane hovudet i veggen utan Rosenholz-arkivet som kan fortelle kven dei var, nordmennene som ville hjelpe Stasi.

— Ved hjelp av dette arkivet, kombinert med andre arkiv, kan vi forske på kor stort nettverket av uoffisielle medarbeidarar var og kva dei interesserte seg for. Vi kan også finne ut korleis Stasi opererte i Noreg, seier Müller Enbergs.

Kva motiv Hein og Ros hadde for sin spionasje, vil ikkje arkivet gje svar på. Men Stasi undersøkte kva motiv deira uoffisielle medarbeidarar i utlandet hadde.

Mellom 54 og 68 prosent samarbeida av politisk overtyding, 17-28 prosent av materielle grunnar, 12-17 prosent av personlege årsaker, medan 0,3 prosent blei pressa. Ifølgje Stasi vel å merke.

Kan få tilgang til arkivet

Høgre meiner Noreg snarast må få sikra seg arkivet med namna på nordmennene som jobba for Stasi.

Det er justisdepartementet som i så fall må be CIA utlevere Rosenholz-arkivet der namna på agentar som Hein og Ros kan vere.

Justisminister Grete Faremo meiner at Stasi si verksemd i Noreg og norske borgarar som jobba for Stasi, er ein viktig del av etterkrigshistoria. Ho har lova å undersøke om det er mogleg å få materialet heim, men har ikkje gjeve nokon lovnader.

— Materialet kan kaste nytt lys over denne delen av historia om den kalde krigen. Eg er difor positiv til at vi skal foreta nærare undersøkingar om mulighetane til å hente relevant materiale heim til Noreg, sa Faremo under ein interpellasjon i Stortinget i desember.

Men ikkje noko arkiv er kome til Noreg til nå.

— Eg må seie eg er undrande til kor lite som skjer i denne saka, seier Anders B. Werp (H) som sit i justiskomiteen.

Han meiner Noreg må få ut materialet og overlate det til Stasi-arkivet i Berlin slik at forskarar får tilgang til det.

— Stasi-arkivet veit korleis dette materialet skal forvaltast, mellom anna når det gjeld reglar om personvern og kven som skal få tilgang, seier Werp.

Han meiner det er viktig at det endeleg kjem fram korleis Stasi opererte i Noreg og kven som vart verva til organisasjonen.

— Det er mykje lærdom å hente i dette arkivet, mellom anna når det gjeld kampen mot ekstremisme. Strategiane for infiltrasjon er dei same som vert brukt i dag, seier Werp.