VALLE: Nokre av oss jobbar framleis med gamal reidskap. I Valle kan motorsager leve i 25 år. Det er Håvard Viki si skuld. Kvar gong noko går sund på den raude Jobu-saga, så fiksar Håvard ho. Nyleg ramla pluggen ut av plugghuset på ei slik sag. Gjengene var slitne bort.— Eg legg i ein stålbit og gjengar opp, meinte Håvard Viki. Det endte med at han bygde om saga. Han hadde gamle delar liggande.450 kroner, syntest reparatøren han måtte ha. God butikk for sageigaren vil vel alle meine. Ingen grunn til å kaste noko som kan svive att, synest 71-åringen. Alt kan reparerast. Han fiksar symaskinar òg om det skulle vere. Eit funn

Verkstaden til Håvard Viki er eit funn for den som leitar etter gamle delar til motorsager, grasklypparar, snøfresarar og alt anna med briggs og stratton-motorar, hondaar, johnsreedar, jobuar og kva det måtte vere som nevenyttige menn treng. Eit funn for den motorinteresserte fotografen frå Fædrelandsvennen synest verkstaden også å vere. Kameraet jobbar raskt og målretta. Dette er ekte «kulissar». Ikkje ofte å finne eit slikt Reodor Felgen-reir som Håvards, der verkstadgolvet like gjerne er gardsplassen som inne i den store garasjen eller i salslokala.Det ser rotete ut, ja vel, men Håvard Viki har oversyn. Ein spesialskrue der, eit lager her. Han sparer på alt. Der nye delar ikkje kan skaffast, finn Håvard allstødt noko han kan nytte i det som for andre ser ut som skrotkasser. Seier aldri nei

— Eg seier aldri nei når nokon spør om eg kan reparere noko - sjølv om eg ikkje veit kva gjenstanden er til, seier Håvard Viki smilande. Han set æra si i det.- Tidlegare såg eg det som eit nederlag om eg måtte ringe om hjelp for å klare reparasjonen. Då kunne eg ligge heile natta og gruble. Ei god kjensle når eg til slutt fann ut av det, fortel han.Det er mange år sidan nå at reparatør og småmaskinforhandlar Håvard Viki frå Viki i Valle la grunnlaget for det solide einmannsføretaket sitt.Eigentleg skulle han bli bilmekanikar. Han gjekk på «billinja i Kristiansand». Slik vart det ikkje. Håvard fekk arbeid på anlegg i Setesdal og på Knaben. Der lærte han om diselmotorar, elektromotorar og alt anna som trongst for å drive verkstad langt inne i ville heiane. Fiksa sjølv

— Når dei ville ha meg til å sende avgarde ein dynamo eller ein startar eller slikt, så tok eg heller og fiksa dei sjølv, seier han.- Ein dag fekk eg beskjed om å reparere ein luftvinsj ein times gange inne i heia. Eg visste knapt kva ein luftvinsj var, men tok med meg det eg tenkte eg trong av verktøy og la i veg. Det gjekk det òg, fortel Håvard. Etter nokre år starta familefaren eiga verksemd på garden.- Kona mi fann eg på nabogarden. Ho sa at ho aldri ville gifte seg med ein bonde. Det slapp ho, seier Håvard, like smilande.Det er ofte folk innom hjå den blide reparatøren, forhandlaren - og andaktshaldaren i Viki. Håvard Viki er ein mykje nytta andaktshaldar i Valle Radio. - Dumt å handle no

Han lever som han lærer. Rik har Håvard aldri vorte, men verksemda går greit rundt. Han kunne kanhende ha selt meir, men det skal mykje til for at Håvard Viki seier at det ikkje er lønsamt å reparere noko.- Kjem det ein innom med ei sag som går godt, så seier eg til han at det er dumt å handle nå. Det set dei pris på. Men det hender òg at nokre vert endå hissigare til å handle når eg seier slikt. Det er jo greit det òg, meiner Viki.Mekanisk sett synest Håvard Viki at maskinene er betre nå enn tidlegare. Men det gjeld å satse på kvalitet. Kjøp aldri ei motorsag under 40 kubikk, meiner han. Då slitst dei for fort ut. Katten tok tommelen

Sjølv om han er ein tålmodig mann og ikkje flyg i flint om han må bruke eit par timar på ein gjenstridig skrue, hender det at også Håvard Viki vert stressa.- Då tek eg meg ein handletur til Bykle for å snakke litt med kjende. Dei er så veldig greie å ha med å gjere, byklefolk, seier Håvard, som skundar seg å legge til at alle dei han møter er greie folk.- Eg spør ofte om folk trivst med arbeidet sitt. - Å jau, seier dei då, men du veit ein vert lei alt. Då kjenner eg meg heldig. Eg vert ikkje lei, eg. Eg kjem nok aldri til å pensjonere meg, seier han og hektar den halve tommelen inn i motorsagdekslet. Tommelen flaug tvert av då han som gutunge filte av en dynamittknall inni stova heime.- Trur du ikkje katten stakk av med biten. Vi fann aldri tommelen att, smiler Håvard.Den tommelen har reparatøren aldri sakna.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no