BYGLAND: Lydarane vil og få gjenoppleve Ulstrups møte med Olav Løyland i Grendi og Knut Folkeson Upstad i Valle.Det er mange år sidan ho møtte dei nå. Men ho gløymer dei aldri.— Eg ber stadig med meg røystene deira. Det var flotte karar, seier Ulstrup til Fædrelandsvennen og minnest eit stev:«I Åraksbø er det høge nutar, og store steinar og kjempegutar{hellip}»Det er i programmet «På livet laus» på NRK P2 klokka 08.30 søndagsmorgonen og skjærtorsdag klokka 14.30 at Åshild Ulstrup blar i arkivet sitt og gjev oss eit av sine aller siste program etter 40 år i statskanalens teneste. Det er då vi får møte gentlemannen Torbjørn Haugen, den vemodige songaren Knut Folkeson Upstad og dei andre personlegdomane som gjorde slikt inntrykk på den vidreiste Åshild Ulstrup.- Den 18. april har eg mitt siste program i NRK. Den 25. lagar Birgitte Gjestvang, som skal overta etter meg, eit portrett, fortel ho.- Du har skrive fleire bøker og er kan hende mest kjent for programmet Middagsstunda?- Ja, eg har skrive sju bøker -bøker om kjærleik, alderdom, møte mellom frie norske jenter og frie kypriotiske menn, og så ei vakker bok om den norske huldra.Det er berre det siste året eg har hatt hundre prosent jobb. Eg starta med Middagsstunda som var min høgskule. Møtet med det gamle Noreg som sjokkerte, men også gav håp. I Middagsstunda var eg i 10 år. Seinare har eg laga stort sett timesprogram om all verdas tema - og nå etter omlegging av kanalane - hatt ansvar for På livet laus, seier Åshild Ulstrup.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no