VALLE: Då bileta frå jordskjelvkatastrofa i Pakistan rulla over tv-skjermen tidlegare i haust, fann elevane i femte, sjette og sjuande klasse og lærarane deira ved Valle Skule ut at dei måtte hjelpe. I mønsterplanen heiter det og at skulen skal vere oppteken av internasjonalt hjelpearbeid.Korleis skulle dei samle pengar? undra dei. Så dukka ideen opp om å lage eit jolehefte frå Valle som dei kunne selge til inntekt for jordskjelvofra. Pengane dei fekk inn ved å lage det heilt lokale heftet «Jol i Valle», skulle sendast hjelpeorganisasjonane slik at dei jordskjelvramma skal få varme, gode telt å overleve i gjennom vinteren som kjem i fjella i Pakistan.Tre hektiske arbeidsveker bruka skuleklassane på arbeidet. Dei intevjua kvarandre og lærarane om kva dei gjer i jola, og dei reiste rundt i grendene og prata med eldre folk. Bygningsarbeidar Olav Rygnestad er ein av desse. Kva passa vel betre enn at det var Gry Hege Støle som tok seg av det intervjuet sidan Olav er gofar hennar. Olav Rygnestad fortel om gåvene, kva dei hadde til middag, at det vart seint før dei gjekk til ro og at morgonmaten 1. joledag ikkje smaka så godt.Linn Jeanett Uppstad og Kristin Charlotte Høyland har omsett Alf Prøysens forteljing «Julekveld hos musefamilien» til nynorsk, Olav Åkre og Eivind Dahle skriv om Brokke Alpinsenter som har ope heile jola, Auver G. Homme tek eit lite oppgjer med NRK som ikkje syner klassikeren Flåklypa Grand Prix på jolaftan i år, her er vitsar og gåter, sudoko, Donald Duck teikna av Henrik Lien og mykje meir.Kan hende vert «Jol i Valle», samla, skrive og trykt ved Valle Skule ein tradisjon. I alle høve — dette joleheftet til 30 kroner bør vere å finne i kvar ei stove i Valle i år. Tak vel i mot elevane som no skal ut å selgje heftet sitt. Det er morosamt å lese, bileta er fine og inntektene går til ei god sak.