Framsida av "Ein barndom i Røyknes" Foto: Odd-Inge Rønning Uleberg

VENNESLA: «Me ber alle med oss ein barndom».

Slik lyder fyrste setninga i boka som Åsen gir ut saman med Røyknes Sogelag denne veka. For Kjell var barndomen god, og som han skriver i innleiinga: «Det blir meir og meir sol over menneska eg møtte og bygda eg vaks opp i.

Slik er det vel for dei fleste, må ein vone.

Alle bygder burde gjere som oss. Kjell si flotte bok er den tredje om Røyknes. Det er så viktig å få noen til å skrive ned sogene om dei som gjekk før oss, før alt går i gløymeboka.

Framsida av "Ein barndom i Røyknes" Foto: Odd-Inge Rønning Uleberg

Toget styrte dagen

— Eg er så glad i denne bygda. Me vakna av morratoget som kom fort nedover dalen. Dagen varte heilt til kveldstoget kom oppover. Då ropte mamma oss inn. I mellom der sprang med frå blomebed til blomebed og kveitebrød til kveitebrød med sukker og sirup mellom husene.

Les også:

Les også:

Kjell Åsen er heime hos niesa Sig Tove Aasen, som har busett seg på Skisland. Skisland og Røyknes er ein plass, sjøl om Otra deler og den eine grenda er Vennesla, den andre Iveland, den eine Vest-Agder og den andre Aust-Agder.

Sig Tove er varaordfører i Iveland og har lese korrektur til «Ein barndom i Røyknes«

Olav Nilsen har funne fram 150 bilder til boka til Kjell Åsen, og han seier:

— Alle bygder burde gjere som oss. Kjell si flotte bok er den fjerde om Røyknes. Det er så viktig å få noen til å skrive ned sogene om dei som gjekk før oss, før alt går i gløymeboka. Kven som bygde hus, korleis alt blei til, dei gode historiene. . .

Ein kulturhøvding

Åsen er ein av Hægelands store kulturhøvdingar, sjøl om han flytte til Telemark og blei skulesjef i Nissedal. 30 bøker har det blitt, med smått og stort. Han debuterte som forfattar med historier om vondare oppvekstar enn sin eigen.

Han var ein av dei aller fyrste som skreiv om barnevandringane på Agder. Det gjorde han med eit høyrespel og ei barnebok på 60-talet, «Den rare sommaren».

Han kom inn i radioen etter å ha blitt kjend med legendariske Julius Hougen i NRK Sørlandet.

I årevis var Kjell Åsen å høyre i barnetimen for dei minste, heilt fram til 1990. Han laga mange høyrespel. Han har også skrive gard- og ættesoge for Øvrebø, Hægeland og Nissedal. Han har gitt ut fleire novellesamlingar og mange historieskrifter.

Flogesurr og fuglekvitter

— Eg har skrivekløe, men ho her er nok den siste, seier han og snur og vender på den raude boka om Røyknes.

Der kan du lese om alle han kjente då han vaks opp på 30- og 40-talet. Alle hus og gardar er med, og han skildrer så godt at det dirrar i indre bilder. Du kan mest høyre både flogesurr og fuglekvitter over sommarbøkene.

Slik skriv han om luktene:

«Pakkbua hos Heggland hadde si lukt, sirup og parafin, spekesild og fottøy av skinn under taket. Pakkbua hos Homme kunne by på si godlukt av brød og wienerbrød, og langs heile bygda låg snøslapset eller veigrusen blanda med hestemøkk. Eg kan enno kjenne igjen lukta frå dei gardane der dei kinna smør.«