EVJE OG HORNNES : Kommunene i Setesdal må inn i eit omfattande samarbeid for å klare utfordringane i samhandlingsreforma.

— Eg meiner tida er overmoden for samanslåing. Vi driv urasjonelt slik situasjonen er i dag, seier Bjørn Ropstad, ordførar i Evje og Hornnes (KrF).

Dei fire kommunene i Setesdal skal ta stilling til om dei skal inngå samarbeid om ei rekke medisinske tenester i samaband med samhandlingsreforma. I den samanheng er det laga ei kartlegging som viser at kommunene har store utfordringar med å skaffe kompetansen som trengs og å drifte dei nye tenestene som kommunene må tilby.

Må samarbeide

Ifølgje forslaget som skal opp i kommunestyra, skal kommunene samarbeide om tilbod som rus, psykologtenester, psykisk helse og ei rekke spesialisthelsetenester. Evje og Hornnes skal vere vertskommune.

— Samarbeid mellom kommunene er den løysinga som er mogleg nå, men dei avtalene som skal bli inngått er omfattande, og det er eit stort ansvar å vere vertskommune. Spørsmålet er om det er berekraftig på sikt, seier Ropstad.

— Trur du det er berekraftig?

— Ikkje på lang sikt. Denne reforma krev omfattande kompetanse, og vi må skape fagmiljø som er attraktive. Den enkelte kommune vil få eit mykje større ansvar innan helse, og må utvide tilbodet betydeleg, seier Ropstad.

- Lite demokratisk

Samarbeidet i Setesdal skjer i dag gjennom Setesdal Regionråd, og det er regionrådet som saman med Sørlandet sykehus har utgreia korleis kommunene nå skal samarbeide. Ropstad meiner det er ei grense for kor mykje som kan driftast som samarbeidsprosjekt før det blir eit demokratisk problem der avgjerdsler blir tekne utanom folkevalde organ.

Kommunene i Setesal har alt vore på studietur i Nord-Trøndelag, der enkelte kommuner har gått saman i samkommune, eit alternativ til samanslåing.

— Vi må anten få utgreie ei samanslåing, eller sjå på mulighetene for ein samkommune, seier Bjørn Ropstad.

Han vil ikkje gå så langt som å teikne opp nye kommunegrenser.

— Evje og Hornnes har søkt om overgang til Vest-Agder, skaper ikkje det problem?

— Nei, dei andre kommunene kan også bytte fylke. Her må ein sjå på mulighetene.

Stor skepsis

Dei andre ordførarane i Setesdal er positive til å sjå nærare på samkommune, men samhandlingsreforma har ikkje gjort dei meir velvillege til samanslåing.

— Det er sjølvsagt ulemper med interkommunalt samarbeid, men det vil ikkje løyse problema om vi slår oss saman. Det vil framleis vere like langt mellom Moisund og Bjåen, og Setesdal vil framleis vere ein liten kommune i folketal, seier ordførar Leiv Rygg (Sp) i Bygland. Han legg til at det neppe er nokon stor gevinst i samanslåing.

Kollega Tarald Myrum (Sp) i Valle, meiner dei små kommunene har klart samhandlingsreforma godt til nå, og at utfordringane kan løysast utan samanslåing.

— Dei små kommunene klarer å ta imot pasientar frå sjukehusa, medan dei store slit og må betale bot. Dei store er gjerne vertskommuner for sjukehusa og er vande med å snylte på sjukehusa, seier Myrum.

Dei tre ordførarene øvst i Setesdal meiener ein storkommune i Setesdal blir for stor og tungvinn.

— Ein slik kommune vil vere 16 mil frå ein ende til den andre. Det blir som om Kristiansand skulle slå seg saman med Kragerø, seier Jon Rolf Næss (Ap), ordførar i Bykle.

Godt nytt for regjeringa

Kommunene i Setesdal har diskutert samanslåing før. For to år sidan teikna Jon P. Knudsen ved Universitetet i Agder kommunekartet i Agder på nytt. Der vart Setesdal ein eigen kommune.

Han er ikkje overraska over at debatten kjem opp igjen i samaband med samhandlingsreforma.

— Hvis kommunene sjølve kjem fram til at dei må slå seg saman, er det forståeleg, og det er mange i på Stortinget og i regjeringa som vil vere positive til det. Dei har basert seg på ein slags "tvungen frivillegheit" for å oppnå samanslåing, seier Knudsen.

Han trur likevel at dei fleste kommunene vil prøve å unngå samanslåing, trass i at dei må samarbeide om stadig fleire oppgåver.

— Er samkommune ei varig løysing?

— Den løysinga har ikkje vore så populær, så eg trur at på sikt er det kommuesamanslåing som lurer bak spegelen