BYGLAND: Bygland og Setesdal er proppfull av segn og soge. Kommune etter kommune har dei siste åra sett seg råd til å samle soga mellom permar, fulle av historie i ord og bilete. Laurdag kom band tre i Bygland-soga, rykande fersk frå trykkeriet. Alle tre banda med til saman meir enn 1900 sider handlar om vesle Austad sokn.

— Framleis står Sandnes, Bygland og Årdal sokn att, fortel leiar i Bygland sogenemnd, Jon K. Nordibø.

— Kor mange band vil det då verte?

— Skal eg tippe, vil eg tru om lag ti band, seier Nordibø.

— Det må då koste mange pengar?

— Eg anar ikkje kva det vil kome på, men eg er imponert over politikarane i Bygland som veit å verdsette denne kulturarven, seier Jon. K. Nordibø.

Heller ikkje næringssjef Vidar Frøysnes har festa seg så mykje med summar i gleda over at Bygland-soga veks fram i bokhylla. Men han trur at det dreier seg om om lag to millionar kroner til nå, og sidan arbeidet er tenkt ferdig i 2010 - og det er sett av 400.000 kroner i året - reknar han totalt med fire millionar kroner for dei mange praktbøkene.

Lektor Reidar Vollen frå Kristiansand (62) er engasjert til å skrive bygdesoga frå Bygland. Vollen har ætt frå småbruket Høyver i Lidi i Bygland.

Gjennom fleire års arbeid har han samla segn og soge, og gjev eit levande bilete av folk og lagnad i Austad sokn frå steinalder og sagatid til nåtid.

I soga kjem vi nær innpå verkelege menneske, med eit liv som kunne ha vore brukt i romanar. Vi kan lese om Gunnar på Ose som ikkje gav mor si, Torbjørg, det brennevinet ho hadde krav på. Att på til fekk ho dårleg og mygla korn, hevda ho i rettssaka ho fekk i stand i 1818. Mor Torbjørg vann saka der det mellom anna heiter at ho kvart år skulle ha «... godt korn, 3 nottinger malt med 1 mark humle, 3 nottingar salt, 2 pottar brennevin og 2 tobakksrullar på 6 merker kvar, saman med eit par gode sko.»

Han vart også dømd til «å vise sin gamle Moder tilbørlig Agtelse». Mora hadde klaga i retten på at sonen «ikkje var artig mod hende, siden han blev gift.»

Det innhaldsrike bandet på 819 sider syner ei mengd bilete. Her er bilete frå gamle dagars arbeid og slit, støylsidyllar, anleggsverksemd og dagliglivet heilt opp til nå.

Mange byglendingar kan sjå seg sjølv som born og unge i slyngelalderen med «elvissleik» eller «spire» når dei blar i Bygland-soga, band tre. Til og med noko så moderne som Matmarknaden på Ose, som innflyttar Annemor Sundbø har teke initiativet til, kan vi lese om og sjå bilete av i Bygland-soga.

Bilete frå 31. januar 1991 då postkontoret på 4686 Ose vart lagt ned med Tone T. Austad utanfor, bilete av tuftene på Haslebakken der ovspelemannen Tallak Haslebakken budde for snart 200 år sidan, og ei mengd andre bilete gjer boka til ein skatt for alle som er interessert i gamle foto.