GANGAR: Pardansen er unik for Telemark og Setesdal. Den var mellom anna å sjå på globaliseringskonferansen i flyhangaren på Kjevik i 2007, framført av Birgit Anette Helle og Tor Espen Helle. Foto: Kristin Ellefsen
MUNNHARPE: Sigurd Brokke er ein av fleire som held tradisjonen vidare. I Setesdal vert den også produsert på gamlemåten.
STEVJING: Kirsten Bråthen Berg har gjort tradisjonen kjend. Her med Anbjørg Lien i Kilden i 2012. Foto: tore-andré baardsen

SETESDAL: — Den gamle, særeigne tradisjonsmusikken frå Setesdal er ikkje berre unik i norsk samanheng, men også i verdssamanheng. I tillegg meiner vi det er eit kulturuttrykk som er truga i vår tid og som difor må inn på denne lista, seier Gunnar Stubseid, folkemusikar og tidlegare rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Dei siste to vekene har han jobba med søknaden om å få dei mest særeigne delane av setesdalskulturen inn på Unesco si liste over verdas kulturarv. Det vil seie stevjing, slåttespel på hardingfele og munnharpe, dansen gangar, og handverket med å lage munnharpa.

No har også Rådet for folkemusikk og folkedans stilt seg bak søknaden om at denne tradisjonen får status som verneverdig immateriell kulturarv.

— Dette er spesielle kulturuttrykk som må takast vare på. Det har sin parallell i byggeskikken på Røros som også har fått denne statusen på Unesco si liste over verdas kulturarv, seier Stubseid.

Til regjeringa

Søknaden om å få status som ein del av verdas kulturarv er nå sendt til Norsk kulturråd. Dei innstiller vidare til regjeringa som fremjar ei sak for Unesco i Paris.

Skulle regjeringa sende avgarde ein slik søknad, er det slett ikkje umogleg at setesdalskulturen kjem med på Unesco-lista. Det meiner iallfall professor Egil Bakka, direktør ved Rådet for folkemusikk og folkedans.

— Hvis Noreg vil foreslå det, har den absolutt ein stor sjanse for å kome med. Ein slik søknad vil stå sterkt om den først blir sendt inn, seier Bakka.

Det har vore eit sterkt engasjement i Setesdal for å få sendt ein søknad til Unesco, og dette meiner Bakka at tel tungt.

— Det er avgjerande at det er dei som brukar kulturuttrykka som fremjar søknaden og viser at den betyr mykje for dei. Dette er ikkje nokon konkurranse om å ha det beste, seier Bakka.

Stort materiale

Saman med eldsjeler frå Setesdal Spelemannslag og Agder Folkemusikkarkiv på Rysstad, har Gunnar Stubseid også sendt inn eit omfattande materiale over folkemusikk frå Setesdal. Mellom anna ein video med opptak frå 50-talet og fram til i dag.

Så vil det vise seg om materialet og det lokale engasjementet gjer inntrykk på Norsk kulturråd, regjeringa og til sist Abulfas Garayev frå Azerbajan som leiar komiteen som avgjer kven som skal med på verdsarvlista.

At søknaden kjem frå eit område med kun 3500 innbyggar, trur Stubseid er ein fordel.

— Norsk kultur er eigentleg ein konstruksjon. Kultur er i utgangspunktet alltid lokal. Det kjem tydeleg fram i listene over den immaterielle kulturarven. Det er lokale uttrykk frå små lokalmiljø som skil seg ut og blir eit uttrykk for verdas kulturarv, seier Stubseid.

— Kva vil det å ha å sei for setesdalskulturen om den kjem på denne lista?

— Det er med på å heve statusen og prestisjen for denne kulturen. Det å få ei anerkjenning utanfrå er med på å styrke eigen kultur og identitet.

Dette omfattar søknaden

Stevjing: Det unike med denne tradisjonen er at ein kvedar stev til kvarandre, som ein samtale.

— Eg vil tru Setesdal er den einaste staden der denne tradisjonen lever ennå, seier Gunnar Stubseid.

Gangar: Folkedans som tidlegare var utbreidd over heile landet, men som no kun er kjent i Setesdal- og Telemarktradisjonen, ifølgje Store Norske leksikon.

Munnharpa: Det fins ulike typar av instrumentet over heile verda. I Setesdal gjorde instrumentet ein tilbakekomst 80-talet, og det fins smedar som lagar instrumentet på den tradisjonelle måten.

Slåttespel: Eit musikkstykke som i Setesdal vart framført både på hardingfele og munnharpe.