BYGLAND: Dermed har gemyttane roa seg litt på Byglandsfjord. — Tidlegare var det unison frykt her på Byglandsfjord, men haldninga har endra seg over tid, sa Alf Andersen på gårsdagens folkemøte på Breidablikk.- Vi er ikkje mot asylsøkarar, men når vi fekk tredd 38 asylsøkarar nedover hovudet var det mange her som fekk seg ein støkk, sa Bjarne Vatnedalen.Men før desse innrømminga kom, hadde altså både ordførar, rådmann og næringssjef lagt seg nærast langflate og beklaga det som hadde skjedd. Også UDI og leiinga på Landeskogen tok på seg litt av skulda for at asylsøkarane hadde hamna på Byglandsfjord. - Orsak

Konflikten på Byglandsfjord starta då det viste seg at 38 asylsøkjarar budde i bygda utan at innbyggarane visste om det. Heller ikkje kommunen visste det, men på grunn av misforståingar trudde UDI at dei hadde fått kommunen si godkjenning til utplasseringa. Sjølve utplasseringa vart gjort av Birgit Næss, styrar på Landeskogen.Forklaringa som vart gjeve på folkemøtet var kort oppsummert at kommunikasjonen mellom dei tre partane kommunen, UDI og Landeskogen ved Norsk Folkehjelp hadde vore svært dårleg.- Eg må berre beklage det som har skjedd, sa ordførar Knut Austad.Det same gjorde rådmann Ola Tolstad og næringssjef Vidar Frøysnes.- Eg må beklage at det har oppstått ein situasjon der bygdefolket ikkje har fått den informasjonen dei treng, sa Frøysnes.UDI var derimot ikkje fullt så villege til å be om orsaking, men vedgjekk at dei kanskje hadde vore dårlege på kommunikasjon.- Vi kan nok bruke eit språk som fleire forstår, sa Tormod Stavenes frå UDI. Motstand

Rotet som har vore i saka, har ført til sterke reaksjonar både blant innbyggarane og lokalpolitikarane. Kommunestyret har gjort vedtak på at det berre skal vere 140 asylsøkarar i kommunen, men på grunn av den dårlege kommunikasjonen kom det altså 38 ekstra asylsøkarar. Dei hamna på Byglandsfjord.Då meinte bygdefolket at det vart for mange. Milena Tevanovic frå Norsk Folkehjelp fekk høyre om fleire tilfelle der asylsøkarane hadde spreidd frykt i bygda.- Når landhandelen vurderer å stenge på grunn av nasking er det nokså ille, sa Alf Andersen.Torgeir Moseid som er lokalpolitikar og innehavar av Breidablikk kro fortalde at han hadde blitt truga av folk som hadde vore på besøk hos asylsøkararne.- Det var 12 personar som stod her, og eg var aleine med dei. Eg trur aldri at eg har vore så redd før, men eg fekk heldigvis låst døra og ringt politiet, fortalde han. Uavklara

Situasjonen i Bygland er framleis heilt uavklart. Leiinga i kommunen står fast på at kommunestyret har vedteke at det berre skal vere 140 asylsøkarar i kommunen. Sjølv om intensjonen på lengre sikt er at kommunen kan ta i mot 200 asylsøkarar.Torger Moseid var blant dei på folkemøtet som krevde at det berre skulle vere 140 i kommunen og at dei skulle vere på Landeskogen.- På meg virkar det som om vreiden no er komen over på kommunen som ikkje har informert oss godt nok, sa han til Fædrelandsvennen under møtet.Nå må UDI, kommunen og Norsk Folkehjelp finne ut korleis dei skal klare opp i situasjonen dei har rota i stand.- Vedtaket om 140 gjeld, understrekar Vidar Frøysnes overfor Fædrelandsvennen- Men vi har enno ikkje kome så langt at vi veit kva vi skal gjere med denne situasjonen, seier han.