LAGA PÅ DALE: Røykt lammelår, pinnekjøt, flatbrød og lefse – alt laga heime på Systog Dale. Foto: Johs. Bj rkeli
SVIR I AUGENE: Pål Dale fyrer i den nyrestaurerte omnen i basstoga. Då svir det i augene. Foto: Johs. Bj rkeli
VED BASSTOGA: Pål Dale på Dale i Valle eldar to gonger om dagen og let lammekjøtet henge i røyken i basstoga i fem døgn. Då vert det mykje godt å kose seg med i kalde haust- og vinterkveldar.  Foto: Johs. Bj rkeli

VALLE: — Det vil seie – kjøtet du ser her skal berre vere lett røykt. Det er ein kjennning eg røyker for som vil ha det slik, seier Pål Dale og peikar på bogane, lammesadelen og lammelåra som heng og godgjer seg i røyken som stig opp mot taket.

Slektsgard frå 1500-talet

Sjølv er Dale gardsarbeidar hjå dotter Margit på garden der slekta har budd sidan 1500-talet. Nå er han ferdig med familiens eigne godsaker. I kalde haust- og vinterkveldar skal det smake godt med fenalår og anna røykt lammekjøt, steikt i panne med kvit saus, i suppe, i komper eller som kjøtsteik med flatbrødsodd til.

Ho er nyrestaurert, basstoga frå 1800-talet, der Pål Dale gjer eigne, økologiske, lammeslakt om til delikatessar. Den fine røykomnen er det Eystein Greibrokk i Bygland som har murt opp. Tømmerarbeidet har sambygdingane Hallvard Faremo Nomeland og Knut K. Homme gjort.

Var husmannstoge

Ein gong var basstoga husmannsheim på Plassi i skogkanten på Dale. Så vart stoga flytta og nytta som basstoge der slekta har røykt kjøt og tørka korn så lenge Pål Dale kan minnast. Nå bakar dotter Margit brød i omnen òg.

— Eg nyttar ein kilo salt til eit lam. Eg gnir saltet godt inn i kjøtstykka og legg lår, bog og rygg nedst i karet med sidene på toppen. Då vert kjøtet passe salt, fortel Pål Dale. Lammekjøtet ligg fem døgn i salt før han heng det i krokar oppunder taket i røykstoga og legg bjørkeved i omnen.

Fyrer to gonger om dagen

Røykemeistaren eldar i omnen to gonger om dagen.

— Det gjeld å ikkje fyre for hardt. Det er røyken som lagar smaken, ikkje varmen, fortel Dale.

Etter fire, fem døgn i basstoga er lammekjøtet ferdig røykt. Då er det delikatesser som vert pakka inn i folie og lagt i frysaren på Systog Dale. Det kan Fædrelandsvennen sin oppsøkande skrive under på. Kjøtsteiken og sodden som Pål Dale serverte smakte herleg.