SOSIALT: Torje Karstein Grindheim (tv) og Arne Georg Smedsland reagerer på prisane hos Gunnlaug Løland frå Hægebostad. Dei meiner lefsene er for billege. FOTO: KJETIL REITE
NYDELEG: Ingunn Håvorstad frå Evje og Ove Austad frå Bygland nyt pølser frå Iveland og Fjermedal Gård. Fjermedal Gård har ingen problem med å selge unna det dei produserer, men høge produksjonskostnader gjer dårleg inntening. I bakgrunnen: Kristine Amalie Kofoed. FOTO: KJETIL REITE

EVJE OG HORNNES: – Det er moro å halde på med dette, og eg treff så mange folk på marknaden, så det er nok mykje difor eg held på, seier Gunnlaug Løland frå Hægebostad som driv lefsebakeri med mykje idealisme og lite i timeløn.

Ho fekk protestar frå kundane som var innom boden hennar på Naturligvis (Landbrukets dag) på Evjemoen i helga. Dei meinte ho tok seg for lite betalt.

Det kan dei nok har rett i ifølgje lefsebakaren.

– Hadde eg ikkje hatt mannen, så hadde eg nok ikkje kunne overlevd på dette. Nesten alt er manuelt arbeid og eg gjer alt for eiga maskin, seier Gunnlaug Løland, som sel varene sine gjennom Bondens Marked, eit samarbeid mellom produsentar av lokal mat i Agder og Telemark.

Lite pengar

Ein spørrerunde til produsentane av lokal mat på Naturligvis, viser at dei har gjeve seg i kast med ein bransje der det er god tilgang på mykje arbeid og dårleg tilgang til dei store pengane.

Tilgjengelege rekneskap viser at omsetninga ikkje blir stor, og overskotet er ofte ikkje meir enn rundt 30.000 – 60.0000 kroner. Ikkje alle som har satsa har lukkast. Setesdal Mat gjekk konkurs i vår. Det siste tilgjengelege rekneskapet frå 2009 viser eit underskot på 487.000 kroner.

Stein Uleberg er blant dei som har klart å lage seg eit levebrød av lokal mat og har drive med innlandsfiske i 20 år. Han meiner det er ei utfordring å få selt til både serveringsbransjen og forretningar.

– Dei store leverandørane som til dømes Stabburet har ei ordning der dei gjer bonusar hvis serveringsstaden kjøper alt frå dei. Då blir det ikkje lett for andre å kome inn, seier Uleberg som legg til at produsentar av lokal mat ofte får problem med å få varene inn i forretningane også sidan dei leverer for lite og for ustabilt.

– Mange vil rett og slett ikkje ta inn produkta sidan det er for små kvantum.

Samhold

Ifølgje nyleg avgått leiar av Bondens Marked, Gudmund Guttormsen, har omsetninga passert 1,5 millioner. Guttormsen seier at det ofte ikkje løner seg for medlemmene å selge varene i forretningane.

– Hvis du ser desse pølsene her, så kostar dei 110 kroner. Det er ein pris kundane vil betale. Skulle eg ha selt dei i butikken, skulle forretninga hatt 25 prosent og grossisten 25 prosent. Då hadde eg sete igjen med mellom 50 – 60 kroner, seier Guttormsen som driv Skogly Gård i Arendal.

Trass i at den lokalt produserte maten er populær, blir den gjerne ei attåtnæring og eit familieprosjekt.

– Son min er med, kjærasten hans er med og minstemann på ti er med. Det er ikkje alltid det går med overskot, men pengar er heller ikkje alt. Dette gjer eit utruleg godt samhald i familien, seier Lise Irene Tveit frå Fjermedal Gård.

I snart 12 år har ho og familien drive hjorteoppdrett i Iveland, noko som gjer i overkant av 600 kg kjøt i året. Kvar kilo vert selt kvart einaste år, etter først å ha vore innom slaktar Jens Eide.

– Det er høge kostnader ved foredlinga, og det fører til at det vert dårleg økonomi i dette. Men det betyr mykje for oss å kunne halde på med dette, og det er lettstelte dyr, seier Tveit.