Omslaget på boka til Salve Øina er frå Kilefjorden som han er så glad i. Bildet viser skulevegen frå Øyna til Kile.

— Eg totte eg måtte skrive ned ting eg har samla og høyrd og opplevd. Fyrst tenkte eg mest på slekt og vener, men no vil visst fleire lese, seier Øyna, som er ein av Iveland sine aller største kulturberarar.

Boka heiter «Noke frå Indre Agder». Ho kunne like godt vore kalla «Mykje frå Indre Agder». Øina er ute med opplag to alt. Fyrste opplaget kom før jul.

Kilefjorden

På 200 sider fortel han særleg om livet attmed Kilefjorden. Du kan lese om dampbåten, om fløytinga i elva og om ei rekke kjende og mindre kjende personar frå bygdene inne i landet.

Øina har også med fleire fotografi, for eksempel av hestetransport på elva.

Øyna-gardane hadde slåtteteigar på fastlandet. Då var det bare å få slåmaskin og hest om bord i ein litt stor flatpram.

Øina har historier frå Vegusdal, Vennesla og heile dalen. Men mest skriv han om gardane som var avhengige av Otra, om plasser som Hodne, Øyna, Odderstøl og Skisland attmed Kilefjorden.

Salve Øina skriv på sitt lune, informative og humoristiske vis om mangt og mykje som fort kunne ha blitt gløymd viss ikkje akkurat han hadde fått teikna det ned.

Han skriv om gruedrift og samferdsle om rasulykker og då gamle-Salve fekk julefisken sin.

Ros frå ordføraren

Ordfører Gro-Anita Mykjåland roser forfattaren for stort og viktig engasjement.

— Salve har ein særs god penn. Verdien av å ta vare på historier og gjere dei tilgjengelege for oss alle, er uvurderleg. Eg er svært takksam for Salve, seier ho.

Øina har hatt eit langt liv i teneste for den lokale kulturen. Derfor fikk han i fjor fortenestemedalje frå kong Harald. Han har vore forfatter av fleire bygdespel og bygdebøker i Iveland.