Fylkesmannen i Aust-Agder står fast på si avgjerdsle om å nekte utbygging på Moisund. Dei følgjer klare råd frå sentrale styresmakter når det gjeld korleis fylkesmannen skal bidra til å få ned utslepp av klimagassar.

— Vi har fått føringar på at vårt verktøy er å legge ned innsigelsar på planar som fører til meir bilbruk og meir energibruk, seier Eva Bomann, fungerande fylkesmiljøvernsjef.

Ifølgje Boman kjem desse nye føringane frå Direktoratet for naturforvaltning og frå Klima- og forurensingsdirektoratet (tidlegare SFT) og vart gjevne i 2010. — Dette er ganske nytt, og førebels føler vi oss fram. Men dette syntes vi var ei opplagt sak. Utbygginga vil vere ein satellitt som vil føre til meir bilbruk. Difor har vi lagt inn innsigelse, og vegvesenet har også gjort det same, seier Boman.

I klimasaker har fylkesmannen to verkemiddel. Den eine er å oppmode til klimaplanar, medan den andre er innsigelsar. Innsigelsar i slike spørsmål er også gjeve i Vest-Agder. Men sidan sakene er nye, kan dei fort bli anka vidare til miljøvernminister Erik Solheim.

— Vi kan gjerne tenke oss at det skjer, slik at vi veit kva nivå vi skal legge oss på i slike saker, seier Boman.

Ifølgje fylkesmannen hadde saka stilt seg anleis hvis kommunen hadde ein plan for ei vidare utvikling av Moisund med skular og butikkar.

— Er det ikkje nok å seie at kollektivtilbodet vil bli styrka?

— Det spørsmålet får vi ta i den vidare diskusjonen eller i meklinga.