STORE MØRKETAL: Både helsepersonell og politi i Setesdal trur det skjer mange ulukker på snøskuter som ikkje vert meldt inn. Her frå ei snøskuterulukke ved Kilefjorden i 2006. Foto: TORE-ANDR BAARDSEN

VALLE: — Det er relativt mange ulukker med personskader i dalen. I ein periode på tre månader var det fleire ulukker på skuter enn det var bilulukker i dalen, seier Sigurd Langeid, lensmann i Bygland.

I tillegg trur både politi og helsevesenet at det er fleire ulukker med personskader dei ikkje får vite om. På eit møte i Setesdal politiråd, med mellom andre politimeister Kirsten Lindeberg til stades, tok Langeid opp problemet.

— Vi får høyre om ulukker gjennom rykte på bygda. I tillegg har vi kontakt med helsevesenet som reknar med at enkelte skader dei tek seg av skuldast skuterulukker, utan at dei får vite det, seier han.

Mørketala

Helsevesenet får nemleg heller ikkje høyre heile sanninga når folk som har skada seg på skuter kjem for å få hjelp. Det trur iallfall Hanne Straume, kommunlege i Valle.

— Det har vore ein del alvorlege ulukker i dalen som vi får høyre om, og då er det naturleg å tru at det også er ulukker vi ikkje får kjennskap til, seier Straume.

Ho meiner det er ein kultur i dalen for å ikkje seie ifrå om at det er ei skuterulukke ein har skada seg i. Heller ikkje helsepersonell med teieplikt får vite det.

— Inntrykket mitt er at folk ikkje alltid vil sei at det er ei skuterulukke. Det kan vi ikkje gjere så mykje med, men pasienten risikerer at han blir underbehandla, sidan vi ikkje får høyre heile sjukehistoria. Sjukehistoria er noko av det viktigaste vi har for å kunne gje ei god behandling, seier Straume.

Alkohol

Både kommunelege og lensmann trur at køyring utan skuterløyve eller køyring i påvirka tilstand, er grunnen til at den skadde ikkje melder frå til politi og ikkje fortel helsepersonell om korleis skaden skjedde.

— Det må seiast at dei aller fleste køyrer lovleg og greit, og vi ser også ei positiv utvikling med mindre køyring i verneområde. Men det er nokre som køyrer ulovleg. I tillegg har vi gjengar som kjem frå andre stader for å køyre villmann, seier Langeid (sjå eiga sak).

Han meiner det er eit problem at ulukker ikkje vert registrerte.

— Dette kostar samfunnet ein del sidan ei som vert skada treng behandling og vert sjukmelde. Difor tek vi opp dette, seier Langeid.

Vil registrere

Kommunelege Hanne Straume seier dei no skal bli flinkare til å registrere ulukker på snøskuter.

— Vi vil spørre meir systematisk når det kjem inn folk med skader. Vi vil spørre direkte om det er skuterskader, og hvis det er det, vil vi be om at det vert rapportert, seier Straume.

Den nye helse- og omsorgslova pålegg også ei betre registrering av ulukker.

— Det er viktig for å få oversikt og for å kunne forebygge ulukker, seier Straume.

Til Setesdal som ulovleg "skuterturist"

Folk frå andre stader enn Setesdal, kjem til dalen med snøskuteren på tilhengaren for å finne stader der dei kan køyre

— Dei vel gjerne stader der det er lett å lesse av skuteren og kome seg ut i terrenget, seier Sigurd Langeid, lensmann i Bygland.

Dei som blir tekne, har verken hytte eller adresse i Setesdal, men altså eit sterkt ynskje om å køyre skuter.

— Det er ikkje mange vi har teke, men vi har teke folk som ikkje høyrer heime her. I tillegg har vi teke folk frå Telemark som er komne over fjellet på skuter.