BYKLE: — Dette er den vondaste dagen eg har hatt sidan far min døydde i 1970, seier Bjarne Tveiten til Fædrelandsvennen.Han og brorern Per er nokre av grunneigarane i Breive. Dei har kjempa innbitt mot ei utviding av Hovden Skisenter på deira grunn heile tida.- I Breive er der eit kulturlandskap som er tatt vare på sidan 500-talet. Dette er ein del av eit komplett kulturlandskap med stader som Storheddir som ein del av dette. Foreldrene mine ønskte ikkje å spekulere bort dette landskapet på hytter og liknande. Det ønsker heller ikkje bror min og eg. Så grip det offentlege inn og øydelegg kulturlandsakapet for at storkapitalen skal yngle. Og så dette frå ein miljøvernminister frå Kristeleg Folkeparti. Då er det ikkje stort att av miljøkjensla, seier Bjarne Tveiten. - Men det er framleis ein veg å gå. Først skal der eksproprierast, seier den profilerte politikaren, læraren og grunneigaren Bjarne Tveiten.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no