Både Naturvernforbundet og Norges Miljøvernforbund er svært kritisk til å bruke rotenon. Ingen av organisasjonane trur at middelet nokon gong vil bli brukt i fiskevatn i Aust-Agder.— Statens forurensningstilsyn er blitt meir restriktive til bruk av rotenon i det siste, og det synes vi er bra, seier leiar i Naturvernforbundet, Eirik Solheim.Det er biolog og fagleg koordinator ved Abelsenteret i Gjerstad, Jens Petter Nilssen, som har foreslått å bruke rotenon i einskilde fiskevatn for å få bort framande fiskeslag som sørv og regnlaue.Det kan bli vanskeleg å få til. Statens forurensningstilsyn har kome med signal om at det skal bli vanskelegare å bruke rotenon. Argumentet er mellom anna at ingen kjenner langtidsverknadane og at det ikkje berre drep dei fiskeslaga som skal bort.Difor er også miljøvernorganisasjonane imot at middelet skal nyttast.- Dette er eigentleg ei giftblanding. Det blir kalla rotenon, men rotenon utgjer berre ein liten del av denne blandinga. Storparten er andre middel, og fleire av desse kjenner vi ikkje konsekvensen av, seier dr.scient. Åge Simonsen i Norges Miljøvernforbund.Han er svært skeptisk til nytten av rotenon.- I fjor vart det brukt rotenon mot ørekyte på Hardangervidda, men denne har truleg ikkje vore vellukka. For under ein månad sidan vart det funne ørekyte i eit rotenonbehandla område. Det einaste ein har oppnådd er altså å utrydde ørreten, seier Simonsen.Norges Miljøvernforbund er sterkt kritisk til Jens Petter Nilssen sine framlegg til løysing.- Nilssen seier at ny fisk fører til ein økologisk ubalanse, men bruk av rotenon fører til ein endå større ubalanse, seier Simonsen.Før ein kan bruke rotenon i vatn og vassdrag, må saka gjennom eit omfattande byråkrati. Det må godkjennast både av Direktoratet for naturforvaltning, Statens forurensningstilsyn og Dyrehelsetilsynet. Det krevst også konsekvensutgreiing og det må gjennomførast grunnundersøkingar.