BYGLAND/ARENDAL: Setesdal Bilruter seier dei hadde vanskar med bakdøra heilt sidan dei kjøpte bussen i mai i år. Problemet var at døra ikkje ville opne seg. Setesdal Bilruter reklamerte på bussen, og 24. juni i år leverte dei bussen inn att til forhandlaren Agder Motor i Kristiansand.— Då vi fekk bussen tilbake skulle den vere i orden. Den var ikkje vurdert som usikker, seier disponent i Setesdal Bilruter, Gunnar Auestad.Fungerande lensmann i Valle, Rolf Erik Homme, sier at også passasjerar på ulukkesbussen har forklart at det var problem med å få opp døra like før dødsulukka mandag ettermiddag.I tillegg kan biltilsynet nå slå fast at det var ein teknisk feil på lukkemekanismen på bussen. Det fekk fungerande lensmann Rolf Erik Homme stadfesta i går.Feil

Agder Motor sa i går at dei ikkje kan uttale seg om den konkrete reklamasjonen frå Setesdal Bilruter i juni. Ifølgje Agder Motor har dei selt fleire liknande bussar, men det har ikkje vore vanskar med å lukke eller opne dørene.- Etter det eg kjenner til, har ikkje dette vore noko problem på andre bussar, seier Kåre Stumnås i Agder Motor.Biltilsynet har ennå ikkje drege nokon konklusjon om kva som skjedde med bussdøra.- Vi veit ingen ting om det ennå. Konklusjonen på dette er kan hende ikkje klar før om to veker, seier overingeniør Nils Magne Rakvåg på Arendal Trafikkstasjon.Saman med teknikarar frå Agder Motor, Nettbuss og frå Volvo Norge, vert bussen nå undersøkt av biltilsynet i Arendal. I dag tidleg kjem folk frå den finske karosserifabrikken som har laga bussen.Køyrer vidare

Både busselskapet og produsenten ventar nå spente på å få svar på kva som førte til ulukka i Valle. Spørsmålet dei stiller seg er om ulukka skuldast ein konstruksjonsfeil på denne typen bussar, eller om feilen berre finst på bussen frå Setesdal Bilruter.I mellomtida køyrer norske ekspressbussar som før. Det gjeld også bussane av den typen som nå vert undersøkt i Arendal.Volvo Norge har ingen planar om å tilbakekalle bussar.- Denne lukkemekanismen er lik på nesten alle bussar. Det køyrer tusenvis av slike bussar på norske vegar, og eg har enno ikkje høyrt at noko slikt har skjedd. Dette er første gang vi er borte i eit slikt tilfelle, seier salsdirektør Bjørnar Mykland i Volvo si avdeling i Noreg.Ifølgje han har så og seie samtlege bussar i Norway Bussexpress same karosseri som Setesdal Bilruter sin ekspressbuss.- Det vi har gjort er å gå ut til alle som har slike bussar og bede dei sjekke at alt er i orden, seier Mykland.Gunnar Auestad ved Setesdal Bilruter håpar at han i løpet av denne veka kan få svaret på kva som har skjedd.Også hjå Setesdal Bilruter går ekspressbussane som normalt.