BYGLAND: Fredag kveld ved 17.30-tida tok det til å brenne i det gamle, restaurerte huset på Austad i Bygland. Brannvesenet i Bygland trudde dei klarte å slokke brannen. Brannmannskapet heldt vakt natta over og var også innom fleire gonger i løpet av laurdagen. Hoveddelen av huset såg då ut til vere berga, medan det var store røyk og brannskader i anekset.Tragedien vart ekstra stor då brannen blussa opp att. Rundt kl. 22.00 laurdag kveld fekk brannvesnet melding om at det brann igjen.Og i går ettermiddag fekk Fædrelandsvennen melding om at brannen hadde blussa opp for tredje gong, og at siste rest stod i brann. Tragisk

Huset var overtent då brannvesenet kom til huset andre gongen. I går kveld var det usikkert kvifor brannen hadde blussa opp igjen laurdag kvelden.— Det vert berre spekulasjonar, men det kan tenkast at det har lege ei glo i huset, og så har det vore vind og trekk som har ført til at det har byrja å brenne igjen, seier Heming Hansen, brannsjef i Bygland.Han stadfestar at brannvesenet hadde slutta å halde vakt då brannen blussa opp.- Har de gjort ein for dårleg jobb?- Det får nesten andre vurdere. Dette er uansett veldig trist, ikkje minst for dei som bur der og som har mista alt dei eig, seier Hansen.Huset er eigd av Gunnar Stubseid. Han vil bygge huset opp att så snart han kan. Men familien sine eigedelar er borte. Det same er alt materialet som låg lagra på datamaskinene til firmaet som familen eig.- Dette er veldig tragisk. Og spesielt tragisk er det for dei som budde der. Hadde det ikkje vore for politisperringa, kunne dei ha kome seg inn og henta tinga sine. No har dei mista absolutt alt, seier Stubseid. Setesdalshus

Stubseid antar at dei eldste delane av huset er frå 1700-talet. Det vart restaurert både på 1930-talet og på 1980-talet.Det var både gamle tømmerveggar og torv på huset, der gamle glør kunne bli liggande og ulme.I tillegg til huset som no er brent ned, hadde familien også hestar på garden. Dei vart ikkje råka av brannen.