VALLE/ALICANTE: — Vi vil gje barna ei betre framtid. Framfor alt må dei få utdanning, seier Nadia Amorós Rezzoug.

I løpet av januar set ho, mannen Fransisco og barna på fem år, fire år og ni måneder kursen mot Valle. Tanken er å selge huset i Alicante, der frisørsalongen også ligg.

— Mannen min har vore frisør i 26 år, eg i 16. Tidlegare hadde vi fleire tilsette, men no er krisa så hard at folk ikkje har råd til å klippe seg hos frisør lenger. Så no driv vi aleine, men sjølv då går det ikkje rundt økonomisk. Muchos problemas , seier Nadia.

Grå hår

I Valle har folk råd til å gå til frisøren, og frisørsalongen i bygda var god butikk. Men etter 30 år måtte innehavar Inger Aamli gje seg.

— Problemet var at det ikkje dukka opp nokon ny frisør, så eg fann ut at eg måtte prøve på nytt, men då måtte eg ha tak i folk som kunne jobbe for meg, seier Aamli.

Mangelen på frisør har engasjert både ordførar Tarald Myrum og næringssjef Rune Ingebretsen. Næringssjefen fekk mellom anna førespurnad frå den ambulerande frisørvogna som vanlegvis står utanfor Bunnpris i Torridal. Næringssjefen avslo fordi han ville ha stabil arbeidskraft til bygda.

Men det er ikkje lett å rekruttere nye frisørar, så det enda med Aamli fekk hjelp gjennom Nav og Eures, arbeidsformidlinga for heile Europa.

— Det var veldig god respons! Eg fekk mellom 10-12 henvendelsar, seier Aamli.

Fekk napp

Familien Rezzoug var altså ein av dei som søkte på den ledige stillinga.

— Det var min idé. Eg leita rundt på internett. Først las eg at Norge treng arbeidskraft, så fann eg fram til informasjon frå Nav. Og så har vi jo vore i kontakt med ordføraren i Valle – ein veldig hyggeleg mann, seier Nadia Amorós Rezzoug.

Familien har til og med vore i Valle for å sjå om det var eit bra alternativ til Alicante.

— Dei syntes nok det var litt lite folk, men så tok eg dei med rundt i bygda, og dei såg at det var litt folk her likevel. Dei likte seg godt og har leigd seg hus, seier Inger Aamli som i første omgang vil tilsette Fransisco, men som håpar at Nadia også får seg jobb etter kvart.

Vallemålet

Også på Rysstad er det no etablert ny frisørsalong, så det blir truleg slutt på frisørturar til Evje og Kristiansand.

Familien Rezzoug flyttar til Valle i slutten av månaden og må i den første tida kombinere frisørjobbinga med norskkurs.

— Er de førebudde på å lære norsk generelt og Valle-dialekt spesielt?

— Ei spesiell dialekt? Det har eg ikkje høyrt noe om. Men eg tenker at norsken skal gå bra. Frå før snakkar eg arabisk, fransk, tysk og engelsk i tillegg til spansk, fortel Nadia – som i forbifarten nevner at ho er sjukepleiar også, i tillegg til frisør.

Offshore og reiseliv rekrutterer mest

I Agder er det framleis offshorenæringa og reiselivsnæringa som rekrutterer mest arbeidskraft frå utlandet. Dei fleste kjem frå Danmark, Sverige, Tyskland, Portugal og Spania.

— Offshorenæringa har eit stort behov for ingeniørtenester, og desse landa har også folk å avgje, seier Øivind Svensen, avdelingsdirektør for NAV i Aust-Agder.

I Aust-Agder har NAV to medarbeidarar som hjelper arbeidsgjevarar med å skaffe arbeidskraft frå andre europeiske land.

I tillegg til offshore og reiseliv, er også helsesektoren avhengig av å hente arbeidskraft frå andre europeiske land.