— Det er veldig stygt her, og veldig fint i Norge, seier Shaimaa Isam Mohammed Yusuf.

I sin knallblå hijab og svarte, dekorerte abaya, plagget som dekkjer kroppen frå skuldrene til anklane, har ho ingen illusjonar om å kome tilbake til Norge og Lillesand.

I JEMEN: Shaimaa og veslebror Haron er tilbake i Jemen. Her er de i nabolaget der de nå bor, i utkanten av hovudstaden Sana'a. Foto: Afrah Yusuf

I november blei ho henta på skulen i Lillesand av politiet, og tvangsreturnert saman med familien til Jemen. Då hadde ho vore sju år i Norge.For Shaimaa er forklaringa på kvifor dei måtte reise tilbake slik:

— Norge ville ikkje ha oss.

BT treffer henne og familien på ein kafé midt i hovudstaden Sana'a.

Livet i Jemen er vanskeleg og utrygt for kven som helst. Difor går Shaimaa og familien sjeldan ut.

I mange år har landet vore plaga av væpna konfliktar, mellom regjeringa og al Qaida, og mellom sjiamuslimske opprørarar og sunnimuslimske motstandarar.

Ufornøyelsesparken

Den eine kvelden familien var ute for å ha det hyggjeleg, enda også som ei ubehageleg oppleving.

— Me var med venen til mamma til ein fornøyelsespark. Me hadde det veldig gøy der. Men på veg heim var det nokon som kom med pistolar og skulle drepe ein mann, seier ho med sørlandsskarring.

— Dei hadde kanskje krangla med mannen. Så ville dei kome inn, og sa at alle skulle gå inn i restauranten. Me var der og venta.- Var du redd?

— Ja, eg var jo ganske nær og såg på.

Krangelen enda utan vald eller skot, men Shaimaas notid er prega av utryggleik. Det same er framtida. Ho har enno ikkje kunna starte på skulen. Dei kom til Jemen for seint til å kunne registrere henne. Sjølv om ho pratar arabisk, må ho byrje nesten frå botnen med lesing og skriving. Ho kan ikkje skrive namnet sitt.

Det einaste ho hugsar frå Jemen frå tida før Norge, er at katten deira klorte henne då ho drog den i halen. Det meste må ho lære seg på nytt.

Mannen som reiste

— Smil, seier mor Afrah Yusuf då journalisten vil ta eit bilete av borna.

Ho forsøkjer så godt ho kan å gje dei eit normalt liv her. Dei bur mellombels i eit hus i utkanten av Sana’a. Familien hadde 1000 kroner til rådvelde då dei kom. Etter det har dei fått økonomisk hjelp av vener, familie og kjende, men pengane tek raskt slutt. Og huset går til eigarens son når han gifter seg.

— Neste månad vert vanskeleg. Eg har vore så sint, og eg har gråte. Med meg går det bra, men eg er redd for borna, seier Afrah.

Suleimann, den fem år gamle sonen, har allereie vore på sjukehuset ein gong. Det kostar pengar.

Afrah græt. Shaimaa legg merke til det og tek over praten. Dei to minste, Haron og Suleimann, er vanskelege å halde styr på inne på kafeen. Dei skrik og hyler, slåst og øydelegg plantane rundt oss. Afrah fortel at ho treng hjelp med Suleimann, som hadde eigen assistent i barnehagen i Norge.

Afrah veit ikkje kva ho skal gjere vidare. Mannen hennar gøymde seg i Norge då resten av familien vart sendt ut. Ho veit ikkje kor han er no. BT er kjend med at han har reist frå Norge og oppheld seg i eit anna europeisk land.

— Å vere aleine som kvinne i Jemen hemmar meg. Det er vanskeleg, og eg har ikkje arbeid. Kva skal eg gjere? Dei må ha mat, seier Afrah. Ansvaret ber ho åleine, og det er tungt, seier ho.

Sykkelforbudet

«Jemen er blant dei mest utfordrande stadene i heile verda å oppdra ein familie. Mødrer og born har alarmerande dårleg tilgang til helsetenester og utdanning samanlikna med andre fattige land. [ ...] Det er spesielt vanskeleg for jenter i Jemen.»

Slik introduserer Redd Barna stoda i Jemen. Samstundes åtvarar norsk UD mot alle opphald i Jemen. Shaimaa er redd for krig, men er mest opprørt over at ho ikkje kan sykle.

— Det er ikkje lov for jenter her, seier ho.

Shaimaa har mista fridomen ho hadde i Norge. Ho ønskjer å reise tilbake til Lillesand, men forstår at det blir vanskeleg. Ho saknar venene der. Utan internett i Sana’a er det vanskeleg å halde kontakten.

Ho har skrive brev som ho snart skal sende til vener ho ikkje vil miste.

— Dei er dei einaste eg kjenner. Eg kjenner ingen her.

Broren Suleimann er utolmodig. Systera pratar for han.

— Han seier at han vil gå heim, langt frå her. Han meiner Norge.