VALLE: — Ingen stader i landet er sambandet mellom gammalnorsk og ein norsk dialekt sterkare enn i Valle. Når ein så høyrer ein eldre setesdøl fortelja på sitt språk, ja, då er det som det gamle norrøne språket kjem nær innpå ein. I det tradisjonelle Valle-målet vil det også finnast trekk som samsvarar med andre germanske språk, som til dømes tysk. Særleg vil dette gjelda bruken av kasus, som dativ og akkusativ, seier professor Martin Skjekkeland.Professoren seier at om ein ser på Agder som eitt språkområde, så finn me at Valle-målet - og dialekten i Øvre Setesdal i det heile - skil seg mykje ut frå resten av egdemåla. Få stader i landet vårt er det så stor skilnad på språket ved kysten og i innlandet, over så kort avstand, som det er frå Agder-kysten til Valle. Dette set han i samband med at i Øvre Setesdal har folk levd utanfor dei store samferdselsårene heilt fram til først på 1900-talet, pluss at dei har halde på tradisjonane sine over eit breidt spekter.- Valle-målet må kallast ein veldig rik dialekt. Språket har svært mange nyansar i ordforrådet, ord for natur, arbeidsliv, helse, sorg, glede og alle livsens forhold, seier Skjekkeland. Mange særtrekk

Nokre av særtrekka i det tradisjonelle Valle-målet som viser sambandet til det gammalnorske språket er:Bruk av kasusen dativ og tre kasus i pronomena! Skilnad på formene i hankjønn og hokjønn i adjektivbøyinga. Fleirtalsbøying av verb.Bruken av konjunktiv i verbbøyinga. Valle-målet har og forskjell på sterke og svake hokjønnsord i bunden form eintal. Mange diftongar er eit anna særmerke for Valle-målet. Dei vokalane som var lange i gammalnorsk, har i dag fått den særmerkte setesdalske diftongeringa. Det heiter i Valle: Å beite (å bite), å suyne (å syne), ain skreuve (ein skruve) osb. Valldølane seier adde og aismadde. Dobbel l har blitt til dd: adde (alle), aismadde (aleine), Urefjøddæ (Urdefjellet), kaddast (kallast) osb. Ivar Aasen

Ivar Aasen kom til Valle første gongen i desember 1844. Han seier om språket her:«Den mærkeligste af de Dialeketer som jeg i dette Halvaar er bleven bekjendt med, er imidlertid den sidst undersøgte, næmlig den sæterdalske, især i Valle Præstegjeld. Denne Sprogart har mange Særegenheder, hvoraf nogle vel kunde synes noget besynderlige, men de fleste dog have en mærkværdig Lighed med det de gammelnorske eller islandske Former; en saadan Lighed finder ogsaa Sted ved mange Ord i Dialekten, som ere ubekjendte vestenfjelds» (Ivar Aasens Brev I:98).