Kunstnarane Else Marie Jakobsen og Gro Suvatne Augland sine utstillingar er noko av alt det Setesdalsmuseet byr på i sommar. Museumsstyrar Anna Stella Karlsdottir er kry av alt det museet har å by på. I ei pressemelding fortel ho at i museet på Rysstad har biletvevaren Else Marie Jakobsen og keramikaren Gro Suvatne Augland vore travelt opptekne med planlegging, og no i dei siste dagane, oppsetjing av utstillinga.Vinterens arbeid har hatt Setesdal i tråd og leire som tema. Søndag vart arbeidet presentert for publikum.— Kunstnarane er velkjende i Setesdal frå tidlegare gjestingar, og har også då vist at dei gjerne lar seg inspirere av setesdalstradisjonens form og farge. Else Marie Jakobsen har med sine stemningsfulle teppe bidrege til utsmykking av fleire offentlege bygningar i dalen, deriblant Setesdalmuseet, fortel Karlsdottir.Dei fleste kommunane i dalen har no vedteke eit tettare samarbeid innan museumsarbeidet. Setesdalsmuseet har difor overteke ansvaret for fleire andre museumsanlegg. Ose Turistheim er eit av desse og har alt starta opp drifta. Frå 15. juni er det fast omvisar tilstades på Rygnestadtunet. Musea i Bykle opnar 20. juni, og det same gjer Tveitetunet med si årvisse utstilling av kunsthandverk. Bygland tun har sundagsope i juni. JOHS. BJØRKELI