Han hadde undersøkt saker ved lensmannskontoret det siste halve året. Konklusjonen hans var at lensmannskontoret i Bygland hadde hatt heller få kriminalsaker der asylsøkarane i kommunen var innblanda. I tilfellet der Torgeir Moseid vart truga, gjaldt det asylsøkar som ikkje budde på Byglandsfjord.Langeid hadde også vore i kontakt med politifolk i Setesdal som har patruljert i dalen for å høyre om dei hadde vore bort i episodar på Byglandsfjord.— Vi må sei at vi har lagt lite merke til dei når vi har vore ute om kveldane og på natta, sa han.