1. Angande varme, snødriver lause. Aure som vakar, islagt vatn, lier tause. Buldrande våryr. Haust-stille dagar. Skiftande toner, myrar, fjell, grøne hagar.

Leik og arbeid, nye dagar undrande mot kveld. Kveldssol takkar blidt og morgon renn. Ventar, lengtar, vinden kviskrar lokkande og sval. Einsam, saman, barndoms Vegusdal.

2. Smågut og far ein vårdag i skogen. Vyrdslar om arven, bryter mark, køyrer plogen. Tider som var, eit steingjerde talar. Dagar i endring: Lyse fjell, mørke dalar.

Leik og arbeid, nye dagar undrande mot kveld. Kveldssol takkar blidt og morgon renn. Ventar, lengtar, vinden kviskrar lokkande og sval. Einsam, saman, barndoms Vegusdal.

3. Langt derifrå ligg lokkande vyar. Mammon og gjetord, fagre ord, travle byar. Traust ligg ein gard der alltid i minnet. Smilande tryggleik syng for meg, stryk på kinnet.

Leik og arbeid, nye dagar undrande mot kveld. Kveldssol takkar blidt og morgon renn. Ventar, lengtar, vinden kviskrar lokkande og sval. Alltid saman, barndoms Vegusdal!

Olav Kristian Nygaard