VALLE: — Dette er nokså klassisk for alle alpinstader. Det viser seg at ein vil slite i starten. Det er berre å sjå til nabokommunane, seier Tarald Myrum (Sp), ordførar i Valle.

Onsdag vedtok formannskapet å gje Brokke Skianlegg AS eit likviditetslån på 690.000 kroner. Dermed klarer dei seg fram til 1. oktober. Det kommunale selskapet eig heile skianlegget, men leiger det ut til Brokke Alpinsenter AS som driv trekket.

Problemet er at Brokke Alpinsenter (driftselskapet) ikkje klarer å betale leiga.

— Vi er heilt avhengige av leigetakar og at dei betaler sine forpliktelsar slik at vi kan betale våre, seier Kjell Ole Homme, styreleiar i Brokke Skianlegg.

Nå tar altså kommunen rekninga, trass i at det fins ein avtale om at grunneigarane som har bygd ut Brokke skal dekke underskot i skianlegget. Dei la ut for underskot i 2011, men ifølgje Tarald Myrum har dei signalisert at dei vil ha problem med dette i år.

Steinar Kyrvestad (Ap) meiner dei to eigedomselskapa Kvisle Eigedom og Brokke Eigedom slepp unna rekninga.

— Det er ikkje rett å bruke fellesskapet sine pengar på å betale den rekninga som grunneigarane skulle ha betalt. Dei har inngått ein privatrettsleg avtale og kan ikkje sende rekninga til kommunen når dei ikkje klarer å halde avtalen, seier Kyrvestad.

Han var den einaste som stemte nei til å gje lånet.