I spørjetimen i Stortinget i går gjorde utdanningsminister Jon Lilletun greie for bakgrunnen for at han meiner Høgskolen i Agder kan bli universitet i løpet av få år. Det var stortingsrepresentant Inge Lønning (H) som tok opp saka med bakgrunn i at Lilletun til Fædrelandsvennen har sagt at HiA kan bli universitet i løpet av få år dersom ein er villig til å dyrke spisskompetanse på eit par område. Lønning ville vite om dette er synspunkt som Norgesnettrådet og Mjøsutvalget deler, eller det er Lilletuns personlege ønskje som her kjem til uttrykk.— Eg er open for at institusjonar skal vurderast ut frå kvalitet og ha dei same rettane når dei blir vurderte som fagleg jamgode. Eg er derfor samd med Norgesnettrådet i at vi treng institusjonsstrukturar som gir rom for dynamikk og endring.Eg har merka meg at den svenske regjeringa i fjor vedtok å gje tre høgskolar universitetsstatus, ut frå visse faglege kriterium. Dersom einskilde høgskolar, med støtte frå regionen, maktar å utvikle tung spisskompetanse på fleire fagområde, ser eg dette som ei mogleg utvikling og i vårt land i løpet av relativt få år. Dette er bakgrunnen for vurderinga mi av utviklinga ved Høgskolen i Agder, slik det er referert i det konkrete oppslaget i Fædrelandsvennen som Inge Lønning viser til, sa Lilletun.Statsråden viste til at Mjøsutvalet som drøftar og vurderer utviklinga i norsk høgre utdanning, skal levere sluttinnstillinga si 1. april neste år. Til no er det ikkje klart kva utvalet meiner om fleire universitet.Lilletun viste til at Norgesnettrådet i eit samrøystes vedtak seier at det «i et dynamiske system for høyere utdanning er . uheldig å fasttømre en institusjonsstruktur ved lov». Rådet rår derfor til lovending slik at institusjonsstrukturen ikkje vert fastsett i lova, men at institusjonane får høve til å velje fritt den nemninga som dei finn mest dekkjande for verksemda og den faglege profilen.