Den unike fotodokumentaren er blitt til i eit samarbeid mellom Bykle kommune, AdNotam Reklamebyrå i Kristiansand og altså — Bry. Han ville vise det ekte Bykle, den ekte byklaren. Ikkje turistane sitt Bykle. - Mai månad er ein mellomsesong. Det er etter at turistane og det dei har med seg er borte, og det er før lauvet sprett og gjer landskapet altfor grønt og postkortpynteleg. Folk viser seg sjølve, på sin eigen måte, slik dei er og lever utan turistane, seier Knut Bry. Tre dagar i mai gjekk Nikon-en til den anerkjende fotografen varm over heile Bykle. Til den eine filmen etter den andre festa han landskap og interiør, ung og gammal, kunst, kultur og arkitektur, blomstrar og bær og buskar og steinar og stryk, arbeidsfolk og bilar, geiter og broderi. Noko var planlagt, noko blei til der og då - det Bry kallar «art by accident». Som når han fotograferte frå helikopter og landskapet med eitt skifta frå snøkvite vidder til irrgrønt, skogkledd. Eller når han såg eit vindauge i eit hus og tenkte «her ser det fint ut, dette må eg ha bilete av». Så banka dei på og gjekk inn, Bry og ein av hans lokale «vegvisarar» (Helene Ø. Fredly og Astrid Steensby).- Flotte menneske i Bykle, dei var utruleg imøtekommande, seier Bry.56-åringen er rekna som lyset og fargane sin meister. Han har bak seg i alt 11 bøker og ei rekkje utstillingar. Han blei kåra til Årets fotograf i heimlandet i 1989 og «Photographer of the year» i USA i 1986. Bry vekslar mellom sine basar i Oslo, Paris, New York. Han jobbar gjerne audiovisuelt, og reiser verda rundt på fotooppdrag - jobbar fast for det amerikanske reisemagasinet «Traveler». Hans lange karriere som fotograf starta på midten av 70-tallet, då han slo gjennom som motefotograf i Paris. Før det hadde han livnært seg som kokk og modell. Bry er høgt og lågt når han fotograferer, han står på hovudet eller hendene eller ligg langflat - alt for motivet. - Eg observerer. Og observerer. Det er kva eg gjer. Blikk - og dels teknikk, er kva som gjer bileta hans spesielle. Berre sjå på bileta på desse sidene, sjå på fargane - sjå på barnehagebarna som er fotografert med infrarød film, og den gamle kvinna i svart-kvitt. Sjå på lyset - og på skuggane. Sjå Bykle gjennom blikket til Bry.