Stortingsrepresentant for Høyre, Anne Berit Andersen, fortel at regjeringa i det nye statsbudsjettet legg opp til 12 milliardar i skattelette, og at regjeringa tidlegare har gitt 20 milliardar i skattelette. Dette har nok mange sett positivt på. Men kor mange har fått svi for det? Sjuke og eldre får ikkje den hjelpen dei treng. Politiet har ikkje ressursar til å gjeva oss den tryggleiken me vil ha. Politikarane seier dei vil satse på utdaning, men skulane manglar pengar. Det er mange nå som kjenner fylgjene av den skattelette som er gitt. Det skulle vera lett å forstå. Skal det offentlege utføre sine oppgåver på ein god måte, må dei ha ressursar, og det får dei ved å påleggje oss skattar og avgifter. Det me treng, er ei regjering som vil ha god sjuke— og eldreomsorg, gode skular, og eit politi som gjev oss større tryggleik. Målet for ei slik regjering er eit godt samfunn, ikkje skattelette.Skattepolitikken fortel mykje om graden av solidaritet i eit samfunn.Johannes SandsdalenKristiansand